Ikkje utsett gangvegen i Halbrendslia!

TRAFIKKFARLEG: I dag må elevane passere eit uoversiktleg industriområde med fleire avkøyrsler. Utdanningsforbundet ved Halbrend og Flatene ber politikarane sørge for at prosjektet blir gjennomført etter planen.

TRAFIKKFARLEG: I dag må elevane passere eit uoversiktleg industriområde med fleire avkøyrsler. Utdanningsforbundet ved Halbrend og Flatene ber politikarane sørge for at prosjektet blir gjennomført etter planen. Foto:

Av
DEL

LesarbrevElevar som bur i Hogane-området i Førde har i ei årrekkje vore nøydde til å krysse ein sterkt trafikkert E39 for å kome seg til Halbrend skule og Flatene skule. Desse to skulane har ei elevmasse på 700 elevar, og ein stor del av desse bur nedanfor E39.

I fleire år har foreldre, FAU og andre grupperingar kjempa for trygg skuleveg for elevane som bur i denne delen av Førde, og med Førdepakken ser det no endeleg ut til at prosjektet skal bli realisert.

Prosjektet er ferdig regulert og prosjektert, og bygginga skulle etter planen starta denne vinteren, men no har Førdepakken valt å utsetje prosjektet på ubestemt tid, då prislappen har auka frå 27 til 36 millionar kroner. Utdanningsforbundet ved Halbrend skule og Flatene skule er sterkt uroa over utsetjinga.

Fotgjengarfeltet ved Førde Bygg i Halbrendslia har rett nok fått ei heilt naudsynt lysregulering dei siste åra. Det hindrar likevel ikkje det faktumet at elevane må passere fleire uoversiktlege utkøyrsler, samt krysse den sterkt trafikkerte europavegen, på vegen til og frå skule og fritidsaktivitetar.

Barn er lågare enn vaksne, og kan vere krevjande å sjå for bilistar; og då særleg frå høge bilar, som det er ein del av på denne strekninga. I tillegg kan det vere vanskeleg for små barn å få oversikt over eit komplisert trafikkbilete, sidan dei i stor grad manglar røynsle i å vurdere trafikkfarlege situasjonar. Dette gjer at ulykkespotensialet på denne strekninga er etter måten stort.

Ifølge Statens vegvesen er dette tiltaket i Førdepakken viktig for å gi elevane som bur i Hogane-området ein tryggare skuleveg. Tiltaket inneber trygge og tilrettelagde gangvegar på begge sider av E39 i Halbrendslia, i tillegg til ein undergang under E39, og tiltaka er samla sett meint å gi ein trygg skuleveg for elevane og bebuarane elles i området. Strekninga som vert regulert følger E39 frå Liavegen i Halbrendslia til Skjæret, og utgjer skulevegen for elevar frå bustadområda Hogane/Fossheim/Steinen/Kvernberget som går til Halbrend skule og Flatene skule.

Med ein ny og tryggare veg til Halbrend og Flatene, vil fleire elevar gå eller sykle til skulen. Då vil ein også kunne redusere talet på farlege situasjonar utanfor skulane, i tillegg til at elevane får både frisk luft og trim på skulevegen. Ein ny veg vil difor vere positiv, også sett frå eit folkehelseperspektiv.

Førdepakken har i periodar kjempa i motvind. Ikkje alle har vore like positive til at ein må betale store summar kvar månad for å bruke bilen til heilt naudsynte ærend i sentrum. Når prosjekta no etter kvart blir realisert, ser ein at ein får noko att for kronene som ein månadleg betalar inn til Førdepakken. Dette trur vi er med på å auke forståinga for at ein må betale nokre kroner slik at vegane skal bli realisert. At gangvegprosjektet no skal skyvast ut i uvissa, og kanskje blir sterkt redusert når det ein gong blir realisert, er noko vi ikkje kan leve med.

Vi stiller store spørjeteikn ved at Erling Varlid i Førdepakken har valt å stanse prosjektet grunna kostnadene, allereie før spaden er sett i jorda, og vi meiner at ein no bør snu alle steinar slik at elevane og folket elles i dette området no skal få sin del av Førdepakken.

I avisa Firda 8. november 2018 skriv Svenn Egil Finden i Statens vegvesen at Førdepakken har ei økonomisk totalramme å gå ut ifrå og strekar under at nokre av prosjekta dermed har høgare kostnad, medan andre prosjekt har lågare kostnad enn det som først var kalkulert. Med dette som bakteppe er det ei gåte for oss at det nettopp er prosjektet som skal gi hundrevis av elevar i Halbrend-området ein tryggare skuleveg, som skal bli salderingsposten i Førdepakken.

Dette er med på å undergrave tilliten til styresmaktene våre, og vi synst det blir heilt feil å la kroner og ører legge premissane for trafikktryggleiken. Her er det andre omsyn som bør vege mykje meir.

Kjære politikarar. Set sikker skuleveg for born og unge i høgsetet, og syt for at dette prosjektet blir gjennomført etter planen.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags