Vidaregåande skule med eit inntakssystem for dei mange, ikkje for dei få!

OFFENTLEG: Vestland SV vil ha ein sterk offentleg skule der alle elevar får utvikla seg fagleg og sosialt i eit godt læringsmiljø, skriv artikkelforfattarane. Bildet viser Øyrane vgs i Førde

OFFENTLEG: Vestland SV vil ha ein sterk offentleg skule der alle elevar får utvikla seg fagleg og sosialt i eit godt læringsmiljø, skriv artikkelforfattarane. Bildet viser Øyrane vgs i Førde Foto:

Av
DEL

Meiningar

Det verserer mange teoriar hjå både politikarar og foreldre om at karakterbasert inntak er det same som fritt skuleval. Det er det ikkje! Det er berre eit val for dei med best karakter frå ungdomsskulen. I fellesnemnda for Vestland fylke vart det i sist møte vedteke å greie ut nærskuleprinsippet. I tillegg har SV fremja dette forslaget: «Søkjarane vert prioritert ut frå inntak på næraste skule forutsatt at søkt programområde finst ved nærskulen. Dersom programområdet/utdanningsprogrammet ikkje finst ved søkjaren sin nærskule, vel søkjaren sjølv kva skule han/ho vil søkja.»

SV vil gje alle elevar rett til å gå på nærskulen sin, og ikkje eit inntak basert på karakter. Prinsippet om fritt skuleval, som eigentleg berre er eit val for dei med best karakter, fører til at populære skular kan velja blant elevar med best karakter. Såleis får elevar som har gjennomsnittlege eller dårlege karakter ikkje høve til å gå på nærskulen sin eller på den skulen dei ønskjer. Det er i seg sjølv demotiverande. Dette rammar både elevar som bur i byen og i distrikta, men mest dei som bur i distrikta som kan risikere å måtte reise over lange avstandar, med fleire bussbyte.

Det karakterbaserte opptaket fører til at fleire skular får ei svært homogen elevgruppe. Det går ut over elevar både med gode og mindre gode karakterar. På skular med høge karakterkrav fører det til eit ekstremt prestasjonspress som går ut over mange elevar si psykiske helse. Elevar på skular med låge inntakskrav får negative haldningar til skulen forsterka av andre rundt seg. For begge grupper går det ut over læringa. Forsking syner at alle lærer meir av å gå i klassar med eit blanda fagleg nivå. Det er og ein klar samanheng mellom skuleprestasjonar og sosioøkonomisk bakgrunn. Når systemet samlar dei skuleflinke på visse skular og dei som har opplevd lite meistring på andre skular, gjer det at fordommar får sterkare fotfeste. I Oslo ser ein resultatet av karakterbasert inntak og stykkprisfinansiering, det har ført til a og b skular, og at dei som har størst utfordringar vert samla på ein stad. Til og med kunnskapsministeren Jan Tore Sanner som og er frå Høgre har byrja revurdere eit rein karakterbasert inntak. (Utdanningsnytt, 080119,) 

I Sør Trøndelag har ein hatt nærskuleprinsippet i lang tid og det fungerte utmerka, det er og valt i det nye Trøndelag fylke, som og har ein storby og ein desentralisert struktur elles.

Vestland SV vil ha ein sterk offentleg skule der alle elevar får utvikla seg fagleg og sosialt i eit godt læringsmiljø. Me vil ha ein skule som satsar på gode relasjonar mellom elevar, lærar og foreldre. SV vil ha ein skule som lærer oss å verte kjent med dei som har ein annan bakgrunn enn oss sjølve. Skulen skal motverka sosioøkonomisk segregering, ikkje forsterka denne segregeringa. Me vil ha slutt på sløsinga med offentlege ressursar i ein meiningslaus konkurranse mellom skulane om elevane. Kvar krone skal gå til kunnskap, ikkje til konkurranse om elevar.

SV skal vera røysta for dei foreldra og elevane som ikkje står fram i media og ropar høgast om valfridom for dei få, for dei med høgast karakter, men for alle dei andre.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags