Uroleg for skulekutt

Fylkesleiar Beate Bondevik Lie

Fylkesleiar Beate Bondevik Lie Foto:

Av
DEL

Lesarbrev
Sogn og Fjordane KrF sitt fylkesstyre er uroa over at budsjettframlegget for Vestland fylke 2019 så langt inneheld større kutt til skulane, utan at det er konkretisert kva som ligg i kuttforslaga.

Det er også eit særleg kutt for skulane i Sogn og Fjordane som heiter «%-vis nedtrekk til same nivå som Hordaland». Truleg tek dette utgangspunkt i ei stykkpris-tenking der kostnad med skulen er delt ut pr. elev og ein sit att med ein høgre sum i Sogn og Fjordane enn i Hordaland.

KrF krev at fylket tek omsyn til demografi og geografi når slike utrekningar vert gjort. For Hordaland sin del har dei ein struktur som gjer at svært få elevar må bu på hybel, også i distriktet utanom Bergen, medan Sogn og Fjordane har flest hybelbuarar i landet, med 25 %. Vidare vil skulereiser utgjere ein langt større del av kostnadane i område med lange avstandar til næraste skule.

KrF er glade for at eit samla finansutval vil legge til grunn at eventuelle endringar innan skule først skal forankrast i ein mål- og strategiplan med politisk styringsgruppe. Vi vil vere pådrivar for at kvaliteten i vidaregåande skule, og dei gode skuleresultata som Sogn og Fjordane over år har utmerka seg med, skal halde fram.
For KrF er det også viktig å passe på at alle elevar får same tilbod til td. spesialundervising, uavhengig av kva skule dei går på.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags