Framtidas skulestruktur

HJERNEFØDE: Unge Høgre peikar i dette innlegget på ei rekke tiltak dei heller vil prioritere enn gratis skulemat.

HJERNEFØDE: Unge Høgre peikar i dette innlegget på ei rekke tiltak dei heller vil prioritere enn gratis skulemat. Foto:

Av
DEL

LesarbrevHer i Noreg har vi bygd opp ein robust utdanningsinstitusjon gjennom ei årrekke. Vi har ein skulestruktur i verdsklasse, med gode lærarar, godt miljø og gratis skulegang. Det vert årleg lagt opp til store overføringar for å gjere våre utdanningsinstitusjonar betre. Dette er eit arbeid vi må halde fram med.

Vi møter stadig på fleire nye utfordringar, og med eit samfunn i rask endring må vi tenke nytt. Mange elevar sit igjen med for lite kunnskap etter grunnskulen, i underkant av éin av fire elevar går ut frå grunnskulen med svak lese- og skriveforståing. Dette medfører at læringsutbyttet er for lågt sett i forhold til ressursinnsatsen.

Alle born startar på skulen med stor iver og lærelyst. Dette er det viktig at vi tek vare på og forsterkar i åra med læring. Difor må vi satse på å utvikle draumelæraren som brenn for faget, men ikkje brenn seg ut, og som verkeleg har lyst til å gjere ein forskjell. Difor vert det viktig at ein set saman grupper, både av lærarar og elevar, som er med å bygge kvarandre opp. Ein må vere proaktiv slik at ein kan utføre endringar tidleg, og ved behov.

Vi ser heilskapen i utdanningsløpet, heilt frå innhaldet i barnehagen, gjennom heile grunnskulen og opp til høgare utdanning og forsking. Det er viktig å vidareføre det gode arbeidet som er starta, og heile tida vere villig til å gjere nødvendige tilpassingar. Samfunnet i dag er i rivande utvikling, og vår utdanningsinstitusjon må vere villig til å følge denne utviklinga. Det vert hevda at i framtida vil utviklinga av ny teknologi gå så fort at den enkelte vil måtte omstille seg minst kvart tiande år. Dette vil krevje langt meir av utdanninga vår i framtida.

Unge Høgre sin kunnskapspolitikk handlar i dag om korleis ein skal legge til rette for at fleire elevar vil fullføre vidaregåande opplæring. Fråfall i vidaregåande skule førebygger vi faktisk i grunnskulen. Eit tiltak som Unge Høgre no vil gje elevar som manglar grunnlag for karakterar ved utgangen av ungdomsskulen, er å tilby ekstra kurs og få moglegheit til å ta fag opp att, før dei byrjar på vidaregåande. Vi vil også vurdere moglegheita for raskare kontinuasjonseksamen for elevar som har stroke på eksamen i vidaregåande opplæring.

Dei siste fem åra har Solberg-regjeringa sett i gong fleire tiltak for å skape ein skule der elevane skal få betre læringsmiljø, noko som har vert heilt avgjerande for å styrke den norske skulen. Vi har innført ei femårig masterutdanning for lærarane, innført nye karrierevegar i skulen, satsa på vidareutdanning, kompetansekrav og auka karakterkrav for inntak til lærarutdanninga. Den siste rapporten som har kome, og som omhandlar resultatet av etter- og vidareutdanninga av lærarane, er særs positiv. Denne hevdar at nesten alle lærarane har endra undervisninga i positiv retning. Sju av ti meina at dei har blitt ein betre lærar. I Sogn og Fjordane har 204 lærarar fått godkjent sin søknad for å ta vidareutdanning. Dette er ein auke på 82 prosent frå 2014 til 2018.

Alle partia i Noreg er einige om ein ting, og det er at vi skal ha ein best mogleg skule for våre elevar. Sjølv om partia har dette som eit felles mål, er vi ueinige om korleis vi skal kome fram til dette.

For Arbeidarpartiet og AUF, er det viktig at elevane får gratis skulemat og dermed bruke 700 millionar kroner på dette. På den andre sida, ønskjer vi i Unge Høgre heller å bruke desse pengane på å utdanne gode lærarar. Slik at dei kan undervise på ein best mogleg måte. Vi er ikkje i mot frukost, tvert i mot, men vi er på skulen for å lære. Det skal berre ei haldningsendring til for at elevane skal ta med seg mat, ikkje 700 millionar kroner frå statsbudsjettet. 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags