Gratis skulefrukost gir læring og fellesskap

ENERGI: Eit gratis måltid på starten av dagen gir energi til å lære og meistre, skriv artikkelforfattaren.

ENERGI: Eit gratis måltid på starten av dagen gir energi til å lære og meistre, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevAltfor mange elevar kjem på skulen svolten og på tom mage, og diverre er det oftast dei som har mindre å rutte med som ikkje har ete frukost eller har med seg skulemat. Arbeidarpartiet vil at absolutt alle skal ha ein god start på skuledagen, og vil innføre gratis skulefrukost til alle elevar i vidaregåande skule i heile Vestland.

Ein treng ikkje å vere rakettforskar for å forstå at næring gir læring. Å komme på skulen på tom mage gjer eleven lite konsentrert og fokusert, og går ut over læringa. Eit gratis måltid på starten av dagen gir energi til å lære og meistre. Det kostar ikkje mykje for fellesskapet, og det gjer stor ein skilnad for elevane.

Bergens Tidende viste at gratis skulefrukost ikkje berre ga elevane eit betre læringsmiljø fordi elevane vart meir fokusert på skulen, men det skapte også eit fellesskap mellom elevane. Nokon elevar sa til og med at dei hadde fått eit betre forhold til læraren sin etter å ha spist frukost med han.

Høgre meiner det er bortkasta pengar å gi elevane gratis skulefrukost fordi «dei aller fleste har med seg mat». Her sviktar Høgre dei som allereie slit frå før. For det handlar om at absolutt alle skal ha dei same moglegheitene til å lykkast, og då kan vi ikkje tenke «at dei fleste klarer seg».

Saman med eit løft for yrkesfaga, fleire lærlingplassar, fleire helsesjukepleiarar, ein betre rådgjevingsteneste og eit bredt spekter av valfag uansett kor i fylket du går på skule, så vil skulefrukost være eit av virkemidla for å sikre at fleire fullfører vidaregåande skule. For medan Høgre ikkje har nokon ambisjonar for ungdomane våre, tek Arbeidarpartiet elevane på alvor. Gratis skulefrukost er ein suksess i Hordaland, og det vil vi vidareføre i heile Vestland.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags