Lovene, og skattesatsen, lik for alle

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevI alle rettsstatar er det eit grunnprinsipp at lovene skal vere like for alle. Internasjonale storselskap opererer i mange land. Kvart selskap skal betale skatt av fortenesta si til det landet der fortenesta er opparbeidd. Men det er lett å trikse slik at forteneste som er opparbeidd i eit land, vert bokført, og skatta for, i eit anna land. Luxembourg begynt å jakte på selskap for å få dei til å opprette filial hjå seg. Og dei lokka med ei svært kreativ nyordning. Ingen hadde førestilt seg at nokon kunne lage ei ordning som bryt så klårt med prinsippet om at alle er like for lova, så difor var det ikkje laga lover som blokkerte denne ordninga. Luxembourg starta å forhandle på førehand med store internasjonale selskap om kor mykje skatt selskapet skulle betale dersom det oppretta ein filial i landet. Forhandla skattesats vart sett langt under den vanlege skattesatsen, som andre selskap måtte betale. Mange land hadde skattesats omkring 29 prosent, men etter forhandlingar betalte mange ned mot null.

Nokre døme.
McDonalds sparde over 1 milliard euro i skatt i perioden 2009 – 2013 då dei overførde inntekter til ein filial dei oppretta i Luxembourg. Amazon etablerte seg der i 2003. Walt Disney fekk ein skatteavtale på 0,3 prosent. Nederland gjekk i fotspora til Luxembourg, og sidan har fleire EU-land innført forhandlingssystemet. Dei ti største selskapa i Portugal har alle saman hovudkontora sine i Nederland. Fattige Portugal treng sanneleg skattepengane sine! Google har etablert seg i Irland og har ei omsetning på 15 milliardar euro, som dei då betalar svært låg skatt av til Irland. Amerikanske selskap hadde i år 2000 ei omsetning på 3,4 milliardar dollar i Luxembourg. I 2010 hadde denne vakse til 94,1 milliardar dollar, altså opp mot ei 30-dobling. I 2014 hadde 3905 investeringsfond slege seg ned i Luxembourg, Og dei forvalta samla 3500 milliardar euro. Dersom alle selskapa hadde betalt den offisielle skattesatsen, ville statskassane i EU-landa fått inn 1000 milliardar euro meir kvart år. Det vert ein del helsestell og skulestell for det beløpet.

Hær av private lobbyistar
Å få alle desse avtalane på plass krev mykje arbeid av juristar og ymse ekspertar. I Brüssel er der 20–30.000 lobbyistar. Skatteadministrasjonen i Luxembourg oppretta ”Byrå 6” til å få på plass avtalane om beskatning. ”Byrå 6” tek mot selskapa med sine skatterådgjevarar og juristar. Saman forhandlar dei fram skatteavtalen. ”Byrå 6” gjer ferdig opp til 30 avtalar på ein dag. Dette vert altså gjort med harelabb.I praksis er det lobbyistane og deira oppdragsgjevarar som skriv skatteavtalane. Timeløn for dette sjiktet ligg på 1000 euro for timen.

Luxembourg har vorte rikt
Luxembourg var eit fattig storhertugdøme til etter 2. verdskrigen. Etter at landet vart eit leiande skatteparadis har det vorte rikt. Med berre 500 000 innbyggjarar er det landet med størst brutto nasjonalprodukt pr. innbyggjar i heile verda. I Luxembourg er der 50 000 utanlandske holdingsselskap. Berre fem prosent av utanlandsk kapital i Lux har noko med aktivitet i landet å gjere. Resten er kvitvasking og skattetriksing

Lux-Leaks.
Den grovt ulike behandlinga av selskap med og utan skatteavtalar kravde strengt hemmeleghald. I 1989 laga Luxembourg ei lov som påla hemmeleghald av kva som skjer i bankane. Og i 1991 vart det eit brotsverk å gje opplysingar om kven som har kontoar i bankar i landet. Nyetableringar strøymde på, og hopetal med avtalar om svært låg skatt vart inngått.

Ein varslar
Antoine Deltour var tilsett i eit revisjonsselskap, og fekk innsikt i kor latterleg låg skatten var for storselskap i Luxembourg. Han kopierte hundrevis av datafiler og delte kopiane med gravejournalistar på nettet. Desse undersøkte mange selskap og samordna offentleggjeringa av det dei fann i 2014; 28 000 sider med hundrevis av skatteavtalar. Dette vart kalla Lux- skandalen (Lux-Leaks). Seinare følgde nye avsløringsbølgjer. Antoine Deltour vart saksøkt for brot på lova som forbyr å formidle opplysningar om bankar og deira kundar. Han vart tiltala for tjuveri og for å ha skaffa tilgang til ein database utan løyve. Domen vart beskjeden, betinga fengsel i 12 månader og 1500 euro i bot. Varslarar er farlege for makta, for dei viser fram makta sitt stygge andlet. Det vert satsa stort på å øydeleggje liva til varslarar som kan stå som føredøme for andre, som Edward Snowden og Julian Assange (WikiLekaks).

Lov for å stoppe uvesenet
EU lagar lover for heile området, såkalla EU- direktiv. Slike lover må vedtakast samrøystes. Og dersom direktiva skal endrast, må også det vedtakast samrøystes. Det betyr at kvart medlemsland har veto, har rett til å stoppe ei ny lov. Luxembourg åleine kan altså stoppe ei lov om å gjere det ulovleg å forhandle om skattesatsar som behandlar selskap ulikt. Luxembourg ville nok ikkje verte åleine om å røyste nei.

Demokrati krev at folk veit
Eit demokrati der dei rike grev til seg meir og meir av verdiskapinga, og der folket ikkje har rett til innsyn om korleis dei rike triksar seg unna å betale den skatten dei skal, vert ein parodi på demokrati. Det pågår stadig ein politisk kamp; På den eine sida står dei som vil at folket skal ha rett til å vite korleis dei rike styrer profittane dei tileignar seg. På den andre står kapitaleigarane, som vil at folket skal vite minst mogeleg om dette. Skatteunnalurarane arbeider intenst med å skremme dei som melder frå ved å ta frå dei jobb og inntekt og ved å køyre rettssaker mot dei. Men systemet er så rote at det framprovoserer protestrørsler. Motstanden veks.

Konsekvensar
Når skatteinntektene sviktar, har det offentlege mindre pengar å bruke. Konsekvensen er auka fattigdom og dårlegare offentlege tenester, som helse og skule, for det store fleirtalet. Fleire og fleire forstår at når dei rike tek større del av verdiskapinga, så vert det mindre til offentlege gode for folk flest. Etter som ålmenta får meir kunnskap om rotenskapen veks forbannelsen. Dei som tener, og tener grovt, på dette systemet, skjønar nok at dette ikkje kan vare evig. Men så lenge det varer aukar verdien av aksjane deira ekstra fort.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags