Skal Sunnfjord bli ein kunstraserings-kommune?

Kunstverket Laksen (til venstre på bildet) er ikkje mogeleg å flytte  slik ein gjer med Picasso-kunsten på Y-blokka i Oslo, skriv Alvar Melvær.

Kunstverket Laksen (til venstre på bildet) er ikkje mogeleg å flytte slik ein gjer med Picasso-kunsten på Y-blokka i Oslo, skriv Alvar Melvær. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Tidlegare i år kunne ein lese i Firda at Førde manglar attraksjonar. Men Førde har jo attraksjonar. Ein av dei store er «Laksen» som ligg ved elva sør for Førdehuset. Den vart laga i samband med Miljøkunstveka i 1989. Kunstnar var danske Jørn Rønnau, ein av Europas fremste på sin del av kunstfeltet – landskapskunst. Han har også ei rekkje kunstverk andre stadar i Noreg. «Laksen» sør for Førdehuset er kanskje/truleg den største laksen i verda – eg trur ikkje det finst ein tilsvarande laks nokon annan stad. Bygginga av «Laksen» var ein kjempejobb, og kunstnaren fekk hjelp av ein stor dugnadsgjeng, mellom dei tidlegare kultursjef Håkon Fimland og noverande tilsette i Sunnfjord kommune.

No ser det ut som Sunnfjord kommune – i nært samarbeid med Vegvesenet – ønskjer å rasere det store, verdfulle kunstverket «Laksen». Og det ser ut til at for kvar gong planane for Tiltak 1 i Førdepakken vert reviderte, dess større og meir omfattande vert kunstraseringa! Det er liksom ikkje noko som helst tvil om at det store kunstverket SKAL stå aller, aller nedst på prioriteringslista over dei omsyna ein skal ta i planarbeidet. Kunstverket er i realiteten gitt null i verdi! Det er freistande å spørje: Er dette i samsvar med verdisynet til den politiske og administrative leiinga i Sunnfjord kommune? Vegvesenet har gitt eit ekstra stort bidrag til raseringsplanane gjennom å insistere på at det skal byggast ei heilt unødvendig rundkøyring ved vestenden av brua.

Festplassen har ikkje gjennomgangstrafikk av bilar. Men den har stor gjennomgangstrafikk av fotgjengarar og syklistar, og dei må ein ta omsyn til! For bilar vert Festplassen i all hovudsak brukt til parkering. Og det er gjerne slik at det er periodar då bilar skal inn dit og parkere, og andre periodar då bilane skal ut frå parkeringsplassen. Det er sjeldan at det er mange bilar som skal både inn og ut av parkeringsplassen på same tid. Med tanke på dette, har ein då bruk for meir enn ei inn-/utkøyring til/frå Festplassen? Svaret mitt er nei, ein har ikkje bruk for meir enn ei inn-/utkøyring, og den bør vere langt vest på Festplassen. Det vil gje det ryddigaste og tryggaste trafikkbildet både for bilistar og ikkje minst for dei mjuke trafikantane. Ein har IKKJE bruk for å køyre Inn på/ut av Festplassen frå krysset ved vestenden av brua over Jølstra. Der er det nok med eit 3-arma T-kryss, det er både enklare og billegare å bygge enn ei rundkøyring – og viktig: Det tek betydeleg mindre plass! Og så bør det av omsyn til trafikktryggleiken lagast ein fotgjengarundergang mellom Festplassen og Førdehuset.

Er det nødvendig å rasere «Laksen» for å gjennomføre Tiltak 1 i Førdepakken. Svaret mitt er eit klårt NEI!

Viss ein sløyfar den unødvendige rundkøyringa ved vestenden av brua, erstattar den med eit 3-arma T-kryss, og kanskje justerer litt på bru-/vegtraseen, så vert «Laksen» berga. Meir skal det ikkje til! Kanskje må ein midlertidig flytte nokre steinar av sporden til «Laksen», for så å legge dei attende på same stad etter at veg-/bruarbeidet er ferdig. Det går bra viss det vert gjort skikkeleg arbeid.

Det er med andre ord utelukkande vilje og prioritering hos den politiske leiinga i kommunen, og hos Vegvesenet, som skal til for å unngå rasering av «Laksen». Spørsmålet er om den viljen eksisterer, eller om prestisjen knytt til saka og kunstraseringsønsket er så sterkt at politikarane og Vegvesenet nektar å få teikna eit bru-/kryssalternativ som også tek omsyn til «Laksen»? Vegvesenet har folk som er fullt ut kvalifiserte til å gjere jobben, spørsmålet er: Får fagfolka får lov til å gjere den?

Det er politikarane i Sunnfjord kommunestyre som til 7. og sist skal avgjere om Sunnfjord skal verte ein kunstraseringskommune – eller ikkje. De har eit stort ansvar! Før de tek den avgjerda, ber eg dykk om å ta ein spasertur frå nord mot sør, og attende, langs toppen av sida av «Laksen». Det har dei fleste av dykk sikkert aldri gjort før. Opplev kunstverket! Prøv om de kan sjå verdien det har! Ønskjer de at dette store kunstverket skal øydeleggast? Det er de som avgjer det! Og hugs at i motsetning til den sterkt omstridde flyttinga av Picasso-kunsten på Y-blokka i Oslo, så er IKKJE «Laksen» eit kunstverk som det er mogeleg å flytte. Den er for stor, og den høyrer til der den er! Det er vegen/brua som må ta omsyn til kunstverket – ikkje omvendt!

Eg ventar i spenning på kommunestyret si avgjer: Kulturkommune eller kunstraseringskommune?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags