Sjukepleiarane har gjort ein formidabel jobb

FORBINABELT: I den situasjonen helse-Norge har stått i dei siste månadane, har også mange sjukepleieleiarar gjort ein formidabel jobb, skriv artikkelforfattaren.

FORBINABELT: I den situasjonen helse-Norge har stått i dei siste månadane, har også mange sjukepleieleiarar gjort ein formidabel jobb, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Den internasjonale sjukepleiardagen vert markert 12. mai kvart år. Datoen vart valt fordi det var Florence Nightingale sin fødselsdag. Det er 200 år sidan Florence Nightingale vart fødd. Hennar arbeid og resultat for å reformere sjukepleia og hygienen i britiske militære lasarett under Krimkrigen, er framleis grunnpilarar i den moderne sjukepleia.

Verdas helseorganisasjon (WHO) sin generaldirektør Tedros Adhanom Ghebreyesus) annonserte 4. oktober 2019, at 2020 er sjukepleiarane og jordmødrene sitt år. Lite visste han då om den rolle og funksjon verda sine sjukepleiarar og jordmødrer måtte ta, i møte med ein verdsomspennande pandemi.

Frå februar 2020 har heile verda sett kva kompetanse og verdi våre sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar og jordmødrer har betydd for den einskilde sitt liv og helse. Sjukepleiarane har no arbeid under ekstreme forhold i mange land. Det har vore lange vakter, mangel på smittevernutstyr og hjelpemiddel. I den situasjonen helse-Norge har stått i dei siste månadane, har også mange sjukepleieleiarar gjort ein formidabel jobb. Dei har på kort tid fått på plass eit system og ei bemanning for å handtere koronasituasjonen.

Tusen takk for den jobben de gjer og har gjort.

Sjukepleiarar og jordmødrer har ei viktig rolle i helsearbeidet, både nasjonalt og internasjonalt. Sjukepleiarane møter ein i alle livets fasar. Jordmora møter du i samband med graviditet og fødsel, helsesjukepleiaren er på helsestasjonen og i skulehelsetenesta. Det er sjukepleiarar i ulike roller på sjukehus, ved sjukeheimane, i heimetenesta, i bedriftshelsetenesta, ved utdanningsinstitusjonane og i arbeidet med psykisk helse og rus.

Norsk Sykepleierforbund har i årevis peika på mangelen av sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar. I dag manglar Norge ca. 6000 sjukepleiarar og om 20 år kan helsetenesta mangle 30.000 sjukepleiarar. WHO seier at vi treng 9 millionar fleire sjukepleiarar og jordmødrer innan 2030 for å nå målet om universell helsedekning for alle.

Myndigheitene og arbeidsgivarar skal sikre rammer som bidreg til at helsetenesta greier å rekruttere og halde på helsepersonell i 100 prosent stilling. Dei ansvarlege i helsetenesta må lage rammer for eit forsvarleg og godt arbeidsliv for våre sjukepleiarar og jordmødrer. Dersom dei ikkje gjer dette, vil mange forsvinne frå yrket.

Gjer di plikt og krev din rett, heiter det. Sjukepleiarar og jordmødrer har synt sin verdi under koronakrisa, framtida vil syne om staten og arbeidsgjevarane vil verdsette denne innsatsen.

Til alle sjukepleiarar og jordmødrer. Fortsett å ver stolt av jobben de gjer, og av den betydninga dykkar innsats har.

Gratulerer med den internasjonale sjukepleiardagen 12. mai 2020.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags