Aldersgrense på kreftbehandling

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LesarbrevDet er opprørarande når Firda fortel om korleis 83-år gamle Else Birkeland ikkje får kreftbehandling fordi staten meiner ho er for gammal. Menneske har lik verdi uavhengig av alder.

I Firda fortel Birkeland om korleis retningslinjene i helsevesenet gjer at personar over 75-år ikkje får kreftbehandling. Dette er fordi retningslinjene har alder som kriteriet, ikkje ei vurdering av livskvalitet og fysiske føresetnadar for å bli frisk.

Ein skal sjølvsagt vere varsam med å gå inn i medisinske vuderingar i det enkelte tilfelle – det er heller ikkje det som er poenget til Birkeland. Poenget er at alder åleine er eit skeivt kriterie. Levealderen aukar og dei eldre blir stadig sprekare. Mange som er over grensa på 75-år kan vere fysisk i betre form enn personar som er yngre enn denne grensa.

Poenget blir og brukt av legen Siri Rostoft Kristjansson i hennar avhandling om aldersgrenser på kreftbehandling. Ho har undersøkt 182 pasientar i alderen 70-94 og vist korleis sjansen for komplikasjonar under behandlinga er knyt til om pasienten er frisk eller skrøpeleg, framfor kva alder pasienten har. Kristjansson skriv: «Aldringsprosessen styres ikkje av kalenderen, men av biologien. For å vurdere om en pasient tåler kreftbehandling, må man derfor se på andre forhold enn alder alene.»

I tillegg til dei praktiske argumenta handlar det her om menneskeverd. Eit system som delar inn liv ut frå rigide aldersgrenser framfor vurderingar av helse og mulighet til å behandle er på villspor.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags