Sitkagrana fangar meir CO₂ enn andre tre

KARBONFANGST: Med ein dokumentert høgare vekst på 40–80 prosent bidreg sitka til ein større karbonfangst enn tradisjonell norsk gran, og det blir meir tømmer ut av kvar stokk. Kvalitetane til sitkagrana er også ettertrakta, skriv artikkeleforfattaren.

KARBONFANGST: Med ein dokumentert høgare vekst på 40–80 prosent bidreg sitka til ein større karbonfangst enn tradisjonell norsk gran, og det blir meir tømmer ut av kvar stokk. Kvalitetane til sitkagrana er også ettertrakta, skriv artikkeleforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevAlle scenario frå FNs klimapanel (IPCC) som avgrensar den menneskeskapte oppvarminga til 1,5 grader, føreset bruk av tiltak som fjernar karbon frå atmosfæren. Påskoging og bruk av bioenergi, med karbonfangst og lagring i trekonstruksjonar er dei karbonfangsttiltaka som er best utgreidde av FNs klimapanel. Eg er derfor samd med utvalet i Høgre og Sandra Bruflot som ønskjer å auke CO₂-opptaket i Noreg med sitkagran.

Sitkagrana er eit fantastisk treslag. Ho toler godt vind, ho toler salt og er svært hurtigveksande. Med ein dokumentert høgare vekst på 40–80 prosent bidreg sitka til ein større karbonfangst enn tradisjonell norsk gran, og det blir meir tømmer ut av kvar stokk. Kvalitetane til sitkagrana er også ettertrakta. Dei lange og seige fibrane gjer ho svært sterk, og utanfor Skandinavia vert ho brukt som konstruksjonsvirke i bygg.

Halvor L. Brosvik

Halvor L. Brosvik

Derfor er eg for å plante og hogge sitkagran der det vert gjort for å drive eit aktivt skogbruk, og der det ikkje er fare for unormal spreiing. På små øysamfunn er dette ofte ikkje tilfellet. Der vart ho planta som verneskog, og ho spreier seg på kystlynghei når ho ikkje har konkurranse frå anna vegetasjon. Spreiing av sitkagran på øyer skuldast først og fremst mangel på konkurrerande artar og klimatiske tilhøve som mykje vind, ikkje eigenskapar hos sitka slik mange hevdar.

Eg vart derfor positivt overraska over at Høgre no vil ta debatten om sitka på eit faktabasert grunnlag, slik utvalet i Høgre med Sandra Bruflot i spissen kjem med framlegg om. Eg har derfor ei klar forventning om at dei andre politiske partia føl opp invitasjonen frå Bruflot om å tenke på korleis skogen best kan settast i stand til å gjere eit bidrag for klimaet. I tråd med anbefalingar frå Miljødirektoratet voner eg derfor vi kan legge til rette for at skogbrukarar får plante sitkagran der ho er godt eigna for skogproduksjon, men ikkje i konkurranse med kystlynghei og som leplanting.

Vi snakkar om å plante Sitkagran på langt under 10 prosent av det totale skogarealet, ikkje ei nedbygging av trua område. Skogvernet og miljøomsyn tek i vare det biologiske mangfaldet i Noreg, men der det skal plantast skog for å produsere, må volum, klima og økt CO₂-opptak vere teljande.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags