Sheriffen av Nottingham og kraftskatten

SKATTESYSTEM: Etter omfordelinga i skattesystemet sat dei tre store kraftfylka att med berre 32 millionar netto (13,6-7,9-10,4). Medan dei små kraftlause rike fylka Akershus og Oslo sat att med netto 53 millionar i kraftinntekter (25,2-27,4). Sogn og Fjordane med lågast folketal blir fråteke mest av Akershus og Oslo, frå brutto 27,4 til netto 7,9 millionar i naturressursskatt, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå Eidsfossen på  Sandane.

SKATTESYSTEM: Etter omfordelinga i skattesystemet sat dei tre store kraftfylka att med berre 32 millionar netto (13,6-7,9-10,4). Medan dei små kraftlause rike fylka Akershus og Oslo sat att med netto 53 millionar i kraftinntekter (25,2-27,4). Sogn og Fjordane med lågast folketal blir fråteke mest av Akershus og Oslo, frå brutto 27,4 til netto 7,9 millionar i naturressursskatt, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå Eidsfossen på Sandane. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Er det finansdepartementet som overstyrer svake og godtruande rikspolitikarar? Og gjer at kraftfylke som Vestland får stadig mindre av kraftmilliardane som regnar og rasar ned i hovuda våre? Ikkje ein gong nok att til å betale for elektrifisering av ferjene utan at fylket hamnar på ROBEK-lista?

På Lokalsamfunnsforeininga sin landskonferanse 20. januar samanlikna advokat Stein Erik Stinessen i advokatfirmaet Lund & co. den reelle styringa av Noreg med britiske komiserien «Javel, herr statsråd». Der i alle fall vi eldre hugsar korleis departementsbyråkratane elegant styrte ferske og lett naive statsrådar.

Stinessen var med alt i den første kraftskattekommisjonen i 1992 og har gjort mykje arbeid for kraftkommunane og -fylka. Han summerte opp (video av føredraget lagt ut på Lokalsamfunnsforeininga si fb-side) at det ser ut til at finansdepartementet meiner alle verdistraumar skal inn til staten. Og at lokal skattleggingsrett for kommunar og fylkeskommunar er ein uting. Og difor blir det slik når politikarane kjem i statsrådsposisjon, uansett kva dei før har sagt.

Ola Bergheim

Ola Bergheim Foto:

Han brukte skattlegging av vindkrafta som ferskt døme. Der noverande fire regjeringsparti alt i 2013 fremja stortingsforslag om skattlegging av vindkrafta med meir til lokalsamfunna – men sidan har ingenting skjedd. Og med tyske pensjonsfond og andre utanlandske eigarar av vindkraftverka kan reglar for internasjonale investeringsavtaler snart gjere det umogleg å innføre ressursskattlegging som for vasskrafta.

Han viste og til den siste kraftskattekommisjonen (Sanderud-utvalet – NOU 2019:16) som gav innstilling i haust. Den foreslår å kutte etablerte ordningar som gjev kommunar og fylke kraftinntekter, og dermed 4–5 milliardar meir til staten. Og la det vere heilt opp til staten å kompensere kommunane for tapet.

Eg vart meir minna på Sheriffen av Nottingham og Robin Hood då eg skumma gjennom både kraftskatteutvalet frå 1992 og 2019. Og materialet kraftfylka fekk laga i fjor som bakgrunn for sine innspel til kraftskatteutvalet. Kraftskatteutvala med økonom- og byråkratfleirtal var oppsiktsvekkande dominert av mistru. Ja, grensande til rein forakt for lokalsamfunna og deira evne til fornuftig pengebruk og verdiskaping. Det var om å gjere å tette eitkvart smotthol, ei kvar moglegheit for lokale grunneigarar, kommunar og kraftfylke til å gøyme vekk ei einaste krone frå statleg tung skattlegging.

Kraftfylka fekk eit advokatfirma og eit konsulentselskap til å rekne på noverande kraftskattesystem. Advokatfirmaet DSA skreiv i notat til Kraftfylka 29.3.2019 at:

«Etter vår vurdering oppfyller ikkje naturressursskatten i dag lovens formål … Som følge av manglende indeksjustering har fylkeskommunene tapt ca. 1120 millioner kroner i skatteinntekter fra 1997 til 2017. I samme periode har grunnrenteskatt til staten hatt en formidabel økning i årlige inntekter, fra 335 millioner kroner i 1997 til 6 332 millioner kroner i 2017 … Videre gjør inntektssystemet for fylkeskommunar at naturressursskatten i stor grad blir omfordelt fra fylkeskommunar med naturressurser til fylkeskommunar som ikkje har vannkraftverk i sitt distrikt»

Konsulentfirmaet THEMA rekna i sin rapport på akkurat denne omfordelinga frå fylke med til fylke utan eiga vasskraft (THEMA Rapport 2019-03, tabell 3 s. 11):

Total naturressursskatt til fylka rekna dei til 246 millionar i 2018. Dei tre store kraftrike men spreiddbygde fylka Nordland, Sogn og Fjordane og Telemark låg alle på rundt 90 prosent av gjennomsnitts norsk personinntekt. Og stor brutto kraftskatt på til saman 73 millionar (29,4-27,4-26,6). Dei små folkerike fylka Akershus og Oslo hadde høg personinntekt på 118,5 og 126,9 prosent. Og låg brutto kraftskatt med berre 2 millionar (2-0).

Etter omfordelinga i skattesystemet sat dei tre store kraftfylka att med berre 32 millionar netto (13,6-7,9-10,4). Medan dei små kraftlause rike fylka Akershus og Oslo sat att med netto 53 millionar i kraftinntekter (25,2-27,4). Sogn og Fjordane med lågast folketal blir fråteke mest av Akershus og Oslo, frå brutto 27,4 til netto 7,9 millionar i naturressursskatt.

Stinessen peikar på to former for beliggenheitsrente: Sentrale fylke og store byar har ei beliggenheitsrente som gjer at det kan bu mange menneske på lite område og skape stor inntekt via marknadskreftene. Distrikta har ei tilsvarande naturressursrente. Der dei må kunne behalde inntektene frå eigne ressursar. Og ikkje måtte tigge om å få att sine eigne pengar.

Det er kanskje forståeleg at regjeringa/finansdepartementet ikkje ville at siste kraftskatteutvalet skulle greie ut om og setje søkelyset denne aukande skeivfordelinga av kraftinntekter mellom stat, fylke og kommunar. Men i realiteten ser Sanderud-utvalet sine forslag ut til å auke Sheriffen av Nottingham-innretninga på kraftskatten. Ta endå meir frå dei fattige og gje til dei rike. Kraftskatteutvalet hevdar at kommunane sitt tap eventuelt kan erstattast med ein auka naturressursskatt.

KS peikar i sin høyringsuttale 18.12.2019 på at det med dagens system vil omfordele endå meir frå fattige kommunar med naturressursar til rike utan:

«KS vil i denne sammenheng også peke på at naturressursskatten inngår i inntektsutjevningen for kommuner og fylkeskommunar. Det medfører at skattesvake kommuner (skatteinntekt under 90 prosent av landsgjennomsnittet) i praksis bare vil motta ca. 5 prosent av kompensasjonen knyttet til kraftproduksjon i egen kommune, mens øvrige kommuner mottar 40 prosent.»

Sanderud-utvalet sine omfordelingsframlegg vart foreløpig gravlagde etter proteststorm. Men noverande urettferd står att.

Siste oppsummerande kulepunkt i Stinessen sitt føredrag på Lokalsamfunnskonferansen var at: «Bare politisk handlekraft kan sikre en lokalt forankret grunnrenteskatt!»

Sjå Stinessen sitt glimrande føredrag på nettet! Og krev no i kjølevatnet av el-ferjedebatten og aukande trong for rassikringsmidlar at Vestland sine politikarar i samla tropp leier ein nasjonal opprørskamp mot «Sheriffen av Nottingham»!

Norsk politikk treng rettferdig omfordeling av kraftinntekter. Treng ein Robin Hood, eller ein ny Johan Castberg. Ikkje fleire godfjottar i statsrådsstolen som i komiserien Javel, herr statsråd!



Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken