SFE på ville vegar

UKULTUR:Det finst berre eitt botemiddel for slik ukultur: Leiinga i SFE må kursast i elementære demokratiske rettar for dei tilsette. Dei som er ansvarlege for denne tragiske saka må få særskild merksemd, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå konsesjonssøknaden til Lutelandet energipark.

UKULTUR:Det finst berre eitt botemiddel for slik ukultur: Leiinga i SFE må kursast i elementære demokratiske rettar for dei tilsette. Dei som er ansvarlege for denne tragiske saka må få særskild merksemd, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå konsesjonssøknaden til Lutelandet energipark.

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Leiinga i SFE har tydelegvis ikkje forståing for dei mest elementære demokratiske rettigheiter i arbeidslivet. Dei må omskolerast!

Eg har med stigande vantru følgt saka om den unge mannen i SFE som fekk beskjed om at «jobben kunne ryke om han ikkje strauk seg frå vindkraft-liste», Firdaposten 1. april. Den unge mannen hadde engasjert seg i ei naturvernsak i høve vindkraftverket på Lutelandet der SFE er eigar. Han hadde skrive under på ei liste som kravde at ei sak om vindkraftverket skulle behandlast i neste kommunestyremøte – ein heilt normal del av vår lokaldemokratiske prosess. I staden for å applaudere at unge engasjerer seg i samfunn og politikk gjekk altså SFE til det skritt å truge den unge mannen til å trekkje underskrifta si.

Etter dette har SFE vore ute i media og fleire gonger kome med utsegner som er meint å skulle tolkast slik at del legg seg flate og beklagar saka.

Så skriv SFEs kommunikasjonssjef Jannicke Lindvik i Firdaposten 15. april om den tilsette sin signatur på lista: «Men likevel må det vere forståing for at andre tilsette kan reagere på ei slik handling. Det skal vere takhøgd for ulike meiningar i SFE». Og ho fortset med: «Denne saka burde vore drøfta i konsernleiinga i SFE eller i alle fall med leiinga i det selskapet den aktuelle tilsette jobbar i».

Her prøver SFE først å unnskylde og bagatellisere den feilen dei har gjort ved å be om forståing for den. Når ho deretter seier at saka skulle ha vore drøfta i konsernleiinga er det ei tilståing av at der er så stor uklarheit i selskapet omkring dei tilsette sine demokratiske rettigheiter at slike saker må heilt til topps i konsernleiinga for å avgjerast.

På toppen av det seier ho også at der skal vere takhøgd for slike hemngjerrige haldningar i SFE. Lindviks innlegg viser at der ikkje var noko forståing av grunnleggande demokratiske rettar for dei tilsette i SFE då hendinga skjedde. Dei viser og at der ikkje er det enno, trass i at selskapet seier dei har lagt seg flate.

I denne saka har SFE svikta på alle nivå. Stig Svalheim i Lutelandet Energipark skulle ha visst at saka ikkje var noko å klage på og kontrollert sitt temperament. Personaldirektøren Svalheim sende klagemail til, sit i konsernleiinga og skulle ha visst betre. Arbeidsleiaren som fekk mail frå direktøren og snakka med den unge mannen, skulle ha visst betre. Men arbeidsleiaren kan ein likevel forstå, for han handla truleg ut frå den forståing han hadde av selskapets kultur. Slik ukultur skuldast vanlegvis dårlege haldningar og manglande forståing i selskapet si øvste leiing.

For å ta det med teskei for direktørane i SFE: Det skal ikkje reagerast om ein tilsett engasjerer seg i aktuelle saker i samfunnet; det vere seg i naturvernsaker, lokalpolitikk eller, for den saks skuld, blir medlem i Naturvernforbundet. Dette skal kvar einaste leiar vite og kjenne seg trygg til å kontant kunne avvise slike hemnaksjonar. Det skal ikkje vere noka uklarheit omkring slike saker som gjer at ein må ta det opp til konsernleiinga.

Det finst berre eitt botemiddel for slik ukultur: Leiinga må kursast i elementære demokratiske rettar for dei tilsette. Dei som er ansvarlege for denne tragiske saka må få «særskild merksemd».

Ola Teigen sa til Firdaposten at han rekna saka som ferdig då direktørane hadde lagt seg flate. Her har Teigen som ordførar i Kinn, ei av dei største eigarkommunane, no høve til å vise at han har styrke og mot til å gå i rette med SFE og krevje opprydding. Den same oppmodinga går også til dei andre ordførarane i SFE sine eigarkommunar.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags