Set jordvern over profitt

LIVSKVALITET: Vi ønskjer oss sjølvsagt ein rik og levande kommune, men det inneber så mykje meir enn eit stort utval av enorme kjedebutikkar og handelssenter! Vi ønskjer oss livskvalitet, fritidsområde og grøne areal som bidrar til betre miljø og betre psykisk helse for innbyggjarane våre, skriv artikkelforfattaren. Butikkane er planlagt i området bak Coop på Brulansvellene.

LIVSKVALITET: Vi ønskjer oss sjølvsagt ein rik og levande kommune, men det inneber så mykje meir enn eit stort utval av enorme kjedebutikkar og handelssenter! Vi ønskjer oss livskvalitet, fritidsområde og grøne areal som bidrar til betre miljø og betre psykisk helse for innbyggjarane våre, skriv artikkelforfattaren. Butikkane er planlagt i området bak Coop på Brulansvellene. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

I Firda av 2. juni kan ein lese om at eit nytt utbyggingsselskap (Citus ll) planlegg snarleg byggestart på Brulandsvellene i Førde. Det kjem fram at dei allereie har avtale med 6–7 butikkar som dei ikkje ønskjer å opplyse noko om, utover at det er sterke nasjonale og internasjonale aktørar. Området er dessverre allereie regulert som storhandelspark, men eg har likevel nokre tunge hjartesukk å kome med i høve dette:

For vi lever i ei usikker tid. Miljø og klima har lenge stått overfor store truslar, kloden lir stadig meir under vårt overforbruk av ressursar. Kapitalismen – som er avhengig av å vere i evig vekst – er i ferd med å nå sitt brestepunkt, og søkjer derfor stadig etter nye område for profitt. På toppen av dette kom Covid-19, og med viruset kom store økonomiske og sosiale utfordringar i form av ei faktisk økonomisk krise samt aukande skilnadar mellom dei som har trygge, faste jobbar og dei som ikkje har det.

Kapitalismen og globalismen sin sårbarheit har vist seg tydelegare enn nokosinne; vi ser no kor avhengige vi har gjort oss av andre, og korleis ei krise kan føre til at vi ikkje kan oppdrive det vi treng aller mest, trass i at vi har pengane til det. Mange vart engstelege og gjekk mann av huse for å hamstre inn mat av frykt for at butikkane skulle gå tomme.

Kan hende var det eit sjokk for nokon å oppdage at pengar ikkje kan etast, men i alle fall trur eg at mange no har fått auga opp for kva som er dei viktigaste verdiane her i livet. Fleire enn nokosinne søker seg ut i naturen for å finne ro, fleire med trygge jobbar gler seg over det godet det faktisk er å ha ei trygg og føreseieleg inntekt, for ikkje å snakke om å ha noko fast og meiningsfylt å gå til. Brått vart dei som hadde samfunnskritiske jobbar verdsett på ein heilt annan måte, fordi ein såg verdien av det naudsynte arbeidet dei utfører dagleg. Dei vi derimot er vande med å tenke på som dei verdiskapande – eg tenker då på næringslivstoppane som stort sett skor seg på andre sitt arbeid – var dei som trengde mest krisehjelp.


Så, kvar vil eg med alt dette? Jo, som representant for partiet Raudt indre Sunnfjord synest eg det er umåteleg trist at ein har opna opp for å få endå fleire butikkar til Førde, og det attpåtil på kostnad av det som kunne vore god matjord. Vi har ikkje bruk for meir handel, meir overforbruk eller større «beitemarker» for allereie sterke aktørar.

Jo, vi ønskjer oss sjølvsagt ein rik og levande kommune, men det inneber så mykje meir enn eit stort utval av enorme kjedebutikkar og handelssenter! Vi ønskjer oss livskvalitet, fritidsområde og grøne areal som bidrar til betre miljø og betre psykisk helse for innbyggjarane våre. Handling gjev kanskje ein kortvarig lykkerus for mange, men bakrusen vi får i form av dårlegare klima og øydelagd natur er så uendeleg stor og alvorleg at det faktisk ikkje er verdt det. Slik eg ser det vil det vere mykje meir rett å støtte opp om eit levande sentrum med eit utval av lokale forhandlarar framfor dei store kjedene. Dette ville vere bra både for dei små forhandlarane, men òg for Førde som ville stått fram som ein meir attraktiv by med eit større grad av særpreg.

Ikkje minst har vi bruk for eit levande og berekraftig jordbruk med ein langt høgare grad av sjølvforsyning enn vi har i dag. Vi veit at god matjord er naudsynt for å nå ein slik grad av sjølvforsyning, og vi veit òg at matjord dessverre er ein avgrensa og uerstatteleg ressurs, fordi det tar opp mot tusen år med biologiske prosessar for å danne den (www.jordvern.no). Det er med andre ord gode grunnar for å tenke seg om ein gong eller to til før ein vel å øydelegge ein slik verdifull ressurs.

Covid-19 fekk oss til å opne auga for viktigheita av verdiar, sjølvforsyning og offentleg velferd for alle, og den har synleggjort manglar i systema våre som vi treng å få retta opp. Eg vonar at vi ikkje let auga att når denne krisa tilsynelatande er over. For krisa er, slik eg ser det, eigentleg berre eit symptom på ei sjuk verd, og vi må nok forvente oss fleire liknande kriser dersom vi ikkje tar grep og endrar levemåten vår som følge av denne. Vi kan starte med å la vere å bygge ut fleire butikkar som ingen eigentleg treng, og slik verne om den matjorda vi har.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags