Bygg bru mellom Hafstadparken og sjukehuset

RETT LINJE:  Det er ei nesten rett linje frå Hafstadparken til Sentralsjukehuset og Vieåsen, skriv artikkelforfattaren. Han ønsker ei gang og sykkelbru der.

RETT LINJE: Det er ei nesten rett linje frå Hafstadparken til Sentralsjukehuset og Vieåsen, skriv artikkelforfattaren. Han ønsker ei gang og sykkelbru der. Foto:

Av
DEL

Meiningar 

Kjartan Myklebust med fleire har eit glimrande innlegg i Firda 14.8.19. Trafikkplanen på «figur 2» er ei framifrå løysing for framtida til Førde Sentrum.

Stor honnør til ein logisk og lettfatteleg plan, som set menneska i sentrum, og vil løyse problema- ikkje skape fleire. Det er endå tid for politikarane til å omgjere noverande planar til ei betre løysing – revurdering høyrer med i alle viktige og pågåande prosessar og er ikkje noko nederlag.

Alle som har freiste å løyse ein floke, veit at ein må dra taua ut og lage lykkjer, ikkje stramme til slik Førdepakken gjer med sine fortetta brusystem som Myklebust beskriv i «figur 1.». Bruk vit og snu i tide, det må vere det er beste rådet no!

Det ein treng i tillegg til dette, er brua frå Halbrendsøyra til Øyrane. Dessverre er denne komen sist på prioriteringslista, men denne vil redusere køane betrakteleg og gi oss som bur vest i Førde ein betydeleg betre trafikkflyt. Den vi gje ei betre løysing- både for gåande, syklande og bilistar. Ein skal ikkje undervurdere denne brua også for dei mjuke trafikantane, og den vil bidra til ein stor klimagevinst lokalt ved at fleire kan la bilen stå. Skal Førde meine alvor med sykkelby ambisjonen, så er det uforståeleg at denne brua er prioritert sist, især når ein no har vedteke Campus Øyrane med trafikkutfordringar det vil gje. I tillegg vil den i stor grad dempe biltrafikkpresset ved handelshusa i Naustdalsvegen i rushtidene.

Ei anna bru som er komen endå lenger ut av planane, er gang- og sykkelbru frå den fantastiske idrettsparken vår i Hafstadparken til Sentralsjukehuset. Dersom ein ser på eit kart, så er det ei flott, nærast rett linje frå Vieåsen, via «Anginabakken», forbi Prehospitalt bygg/«helikopterbasen» ved sjukehuset og til Hafstadparken. I Hafstadparken er det alt ferdig fin gang- og sykkelveg som ligg klar frå der brua kan kome i land på Hafstadsida og ned til området ved Førdehuset.

K. Myklebust sitt bruforslag «F» i nemnde figur 2, rett ved innkøyrsla til Førdehuset, vil på ein svært god måte føre reisande vidare til den flotte sykkelvegen som no går frå Førdehuset via Sjukeheimen/Løken og til Bohus. Her kan ein så lett kome seg til planlagde bru til Halbrendsøyra (tiltak 20.) Dette vil vere ein «motorveg» i universell utforming for gåande/ syklande/rullestolbrukarar og alle andre mjuke trafikantar frå aust til vest i Førde.

Med planen til K. Myklebust, så slepp ein også å øydeleggje Løken med ein unødvendig bilveg vidare mot nord i Langebruvegen. Då kan alle dei mjuke trafikantane oppleve det flotte naturmiljøet som gangvegen ved Løken no har openberra.

Det var motsegn mot brua ved Sjukehuset blant anna pga. det var «flaumskog» der i elvekanten. Den kan ikkje ha vore særleg verdifull seinare, då Førdefjorden energi har buldosert seg gjennom same skog ved elva. Er det noko ein har nok av langs heile Jølstra, så er det skog. Sjå deg rundt i Førde, det som dominerer landskapet kring oss er skog i fjellsidene.

Eg meiner vi kan ofre litt av skogen i dette området for å gje tettstaden betre infrastruktur. Tenk om ein kunne fått denne brua ved Sjukehuset! Då ville langt fleire kunne sykle til jobb og fleire kunne også nyte naturen kring Jølstra ved sjukehuset og i parken. Eg er trygg på at dette kan la seg løyse om ein set gode krefter til.

Alle som vil, kan alt no ta ein spasertur lengst aust i Hafstadparken og sjå kor langt ein er komen med stiane, og kor lett dette området kunne blitt eit endå betre aktivum for Førde som «sykkelby».

Så ja til dei «rette» bruene slik eg har skissert i det nye framtidsretta Førde, og nei til bruforslaga for bil ved Førdehuset og i Løken! Godt val!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags