"Som bowlingkjegler ramlar dei siste kulturminna"

Av
Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Den gamle dokterbustaden i Førde.

Den gamle dokterbustaden i Førde. (Foto: )

DEL

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

LesarbrevAlt skal vekk! Det eldste Førde har alt gått på fyllinga; nå ligg dei yngre restane under den politiske hammaren. Det er sluttsal, og lite igjen på disken.

Dokterbustaden skal ut på auksjon. Der er pengar å hente, meiner rådmannen. I same slengen forsvinn all historie i Hafstadvegen ut av tida. Ein gong snakka alle om å halde utsynet til elva der intakt. Nå er planen å gjere siste stripa langs elva til utstillingsplass for siste skrik i internasjonal poparkitektur, bygningar som med skingrande utestemme forkynner at dei ikkje bryr seg om kvar dei står eller kva som er rundt dei.

Dei har meir slikt i Dubai og Shanghai, hus som annonserer brikjande rikdom meir enn kvalitet.

Alt skal vekk! Som bowlingkjegler ramlar dei siste kulturminna – dei som var igjen til minne om kultur – for den nådelaust rullande utviklingskula. Ho har sølvpengar i seg, og form som ei boble.

Effektive har dei vore, dei som styrer. Det skal dei ha. Dei siste tidene for Førde i Sunnfjord gjekk raskt unna. Snart er alt omskapt, og ført à jour til siste mote. Ingen skal lenger kunne peike på sin barndom eller ungdom. Dei som forlèt Førde før dette hamskiftet, har ingen ting å kjenne igjen eller kjennest ved. Unnataket er minnesteinar på kyrkjegarden. Nye Førde er for flyktningar i sitt liv.

Den berande trua har vore at alt nytt samlar folk og pengar. Men nåla i kompasset dei har styrt etter, har vore utan magnetisme. Bygginga vart tilfeldig, etter det som baud seg. Planar hadde dei, men styrte med dispensasjonar. Det vart ingen praktisk samanheng i alt det nye, med sentrum i drift. Førde by vart som ein løk, utan kjerne. Butikkar på Brulandsvellene vert utropsteiknet bak historia om den utflytande utviklinga. Bilismen og Førde vaks samstundes, og bilen tok styringa. I Førde er vi liveigne bak rattet, dei fleste av oss. 

Tilreisande nemner landskapet, fjella, naturen – kulissane rundt – som det tiltalande ved Førde. No og då kjem nokon utanfrå og snakkar mindre smigrande om byggeriet. Dei får intens motbør av lokale protestantar, som likevel ikkje maktar å kvele innvendingane. Dei uforskamma kritikarane dukkar opp igjen. Eit sjølvutslettande strev har bygt lite av kvalitetar som styrker vårt frynsete rykte. Den politiske narsissismen i Førde er ikkje smittefarleg.

Knapt nokon annan tettstad i landet kan slå Førde når sporten er å utrydde seg sjølv. Rivingslystne byggherrar fekk tidleg vanen med å få det som dei ville. Med sine entreprenøridear og pengar støypte dei formene for dei politiske vedtaka. Bystyret la konfirmasjonshanda på, og utanfor stod eit verjelaust samfunn. 

Det er forståeleg at historia ikkje står på programmet når Førde feirar 20 år som by. Historia er den tapande parten og har inga fane å heve.   

Artikkeltags