Sentrumsutvikling i Førde

FØRDE SENTRUM: – Vi må bruke meir tid på å skaffe pengar til det vi vil gjennomføre, og bruke mindre energi på skadelege omkampar, skriv Jenny Følling i sitt svar til Kjartan Myklebust.

FØRDE SENTRUM: – Vi må bruke meir tid på å skaffe pengar til det vi vil gjennomføre, og bruke mindre energi på skadelege omkampar, skriv Jenny Følling i sitt svar til Kjartan Myklebust. Foto:

Av
DEL

LesarbrevSvar til Kjartan Myklebust i Firda 11. juli 2020.

Debatten om å utvikle eit attraktivt sentrum i Førde er viktig. Det har skjedd mykje positivt dei seinare åra. Det kjem også til å skje mykje framover. Sentrumsutvikling som vil løfte Førde sin attraktivitet og framheve elva Jølstra som eit smykke i sentrum.

Som du påpeikar, så har eg lenge vore opptatt av sentrumsutvikling. Det er eg framleis. Eg er opptatt av
sentrumsutforming, møteplassar, god framkomst for bilar, syklande og gåande. Dette er viktig for alle som bur i sentrum, alle som pendlar til jobb i Førde, og turistar og dei som brukar handelsbyen Førde.

E39 – Fjellveien er ein av dei mest trafikkerte gatene i Vestland. Eit avgjerande grep er å få lagt E39 ut av sentrum. Eit samla kommunestyre vil jobbe hardt for å få E39-parsellen Storehaug-Bruland inn i første periode i Nasjonal Transportplan, og vi har fått Vestland fylkeskommune med på laget.

Om vi hadde starta med blanke ark, så kunne prioriteringane i Førdepakken kanskje sett noko annleis ut. Det er likevel slik at Førdepakken vart godkjent i Stortinget i 2015, etter ein omfattande prosess i Førde bystyre og godkjenning i fylkestinget.

Dei 20 prosjekta som ligg i porteføljen, er under planlegging. Nokre er gjennomførte, medan andre er ute på anbod. Tiltak for 1,7 milliardar skal vere fullført i 2024. Sunnfjord kommune er ein av tre likeverdige partar saman med fylkeskommunen og Statens vegvesen. Sunnfjord kommune kan ikkje åleine ende prioriteringane.

Ein omkamp på prioriteringane i den storleik Myklebust ser for seg, vil slik eg ser det, vere skadeleg.

Det er knytt rekkefølgjekrav til vegprosjekta i Førdpakken. Mellom anna er det utløysande for utbygginga på Indre Øyrane og utbygginga av nye Førde vidaregåande på Øyrane til 700 millionar. Å kutte ut planlagde vegar, vil sette ein stoppar for fleire viktige utbyggingsprosjekt i Førde. Ny runde med prioriteringar og planlegging tek i tillegg tid og medføre auka kostnader. Difor meiner eg vi er best tente med å gjennomføre tiltaka slik dei blei vedtatt.

Kommunestyret har vore tydeleg på at styringsgruppa skal sjå etter kostnadsreduserande tiltak. Det er viktig for å kunne gjennomføre alle prosjekta, også tiltak 20 – bru frå Steinen til Øyrane. Vi har også vore tydeleg på at kunstgrasbana framfor Førdehuset må bevarast. Det vert jobba med løysingar for det.

Med to nye bruer over Jølstra, ei gangbru og E39 ut av Førde sentrum, vil trafikksituasjonen i sentrum og Fjellveien betre seg. I tillegg gjennomfører vi no ein plan for etablering av nye parkeringsplassar.

På junimøtet i kommunestyret, prioriterte vi i tillegg tiltaka i 100 millionar-potten, som er reservert til mindre sentrumstiltak. Prioriteringslista er lang;

– Nye vegløysingar på Ytre Øyrane
– Gang- og sykkelveg frå Øyrane vidaregåande til Firda Billag
– Gang- sykkelveg frå Hafstadparken til Hafstad
– Delfinansiering av høgresvingfelt i krysset frå Naustdalsvegen til Storehagen
– Fortau Kyrkjevegen frå Hornnesvegen til Langebruvegen
– Mindre tiltak og møblering i Førde sentrum
– Torg nord og sør for bru ved Naustøyna
– Fortau langs Tefrevegen
– Parkeringshus/-kjellar
– Gang- og sykkelveg Brattebergkvia-Slåttebakkane
– Gang- og sykkelveg frå Førdehuset til Hafstadåarken
– Nytt kryss til Vievegn ved Viebrua

Dette er mange viktige prosjekt som vi ynskjer å få gjennomført. Vi bør difor bruke meir tid på å skaffe pengar til det vi vil gjennomføre, og bruke mindre energi på skadelege omkampar.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags