Senterungdommen har ikkje tillit til elvane!

Av
DEL

Lesarbrev12. februar publiserte Hilde Horpen i Sogn og Fjordane Senterungdommen ein kommentar i Firda der ho påstår at fritt skuleval ikkje eksisterer. Dette viser mangel på kunnskap om dei vidaregåande skulane. Å true eleven sin valfridom er respektlaust og dette viser at Senterungdommen ikkje har tillit til elevane sine eigne val.

I Sogn og Fjordane er det mange vidaregåande skular som tilbyr ulike fag og studieretningar. Kvar enkelt skule kan ikkje klare å gje eit fullt tilbod innanfor alle studieretningar. Dette er urealistisk både økonomisk og administrativt. Skal vi klare å halde oppe liner med høg kvalitet må vi ha solide fagmiljø og lærarar med høg kompetanse. Når elevane skal velje skule tek dei og omsyn til fritidsaktivitetar, familieforhold og transporttilbod. Senterungdommen tek altså til ordet for å avskaffe valfridomen og viser lita forståing for korleis skulevalet fungerer i praksis.

Statistikken viser at nærare 90 prosent av elevane i Sogn og Fjordane i 2018 fekk oppfylt førstevalet sitt. Dette dokumenterer at ordninga fungerer svært godt for dei alle fleste. Det å påstå at det er berre dei fagleg sterkaste som får velje fritt er difor heilt feil!

Horpen vil eksperimentere med ei byråkratisk tvangsstyring ut ifrå postnummer. La oss heller slå ring om ei ordning som fungerer og som byggjer på tillit til at elevane sjølve kan velje sin eigen skule. Noko anna vil vere å gå baklengs inn i framtida!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags