Senterungdommen bør starte med sine eigne

Elias Eide, Sunnfjord Høgre, Åland industriområde, Jølster

Elias Eide, Sunnfjord Høgre, Åland industriområde, Jølster Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Den 20. august skreiv Sander Solheim, leiar av Senterungdommen i Sogn og Fjordane, at stortingsvalet neste år er eit val om korleis fylket vårt vil sjå ut. Det trur eg ingen er ueinig i. Det vi er ueinige i er om det er namnet på fylket eller om det er gode tenester til innbyggjarane som er det viktigaste.

Solheim skriv i lesarinnlegget sitt at vi innbyggjarar ikkje har fått sagt vår meinig om regionreforma. Kven meiner han har skulda for det? Senterpartiet hadde fylkesordføraren i Sogn og Fjordane under heile samanslåingsprosessen. Ho var ein av dei fremste forkjemparane for regionreforma. Senterpartiet fekk også fylkesordføraren i Vestland og er ein del av fleirtalet. Dersom det var så viktig for dei med ei folkeavrøysting om Vestland, hadde dei hatt all moglegheit i verda til å få det til.

I tillegg samanliknar Solheim Vestland med Troms og Finnmark og Viken. Alle stadane har venstresida fleirtal, men Vestland har i motsetnad til dei andre ikkje gjort eit vedtak om at storfylket bør oppløysast. I staden for å skulde på regjeringa, bør senterungdommen heller snakke med sine eigne.

Unge Høgre meiner i utgangspunktet at vi berre skal ha to nivå i Norge; kommunane og staten. Samtidig meiner vi at dei nye regionane er eit foreløpig godt kompromiss, så lenge regionane får meir makt og fleire oppgåver. Det meiner vi regionane får. Tilskot til viktige postar som skule, transport og veg aukar, samtidig som vi satsar på arbeidsplassar og næringsliv. Det er mykje viktigare for både oss som innbyggjarar og lokale verksemder at dei kan frakte varene sine og tilsette fleire, enn at fylkeskommunen får ekstra regionale utviklingsmidlar.

For oss som ikkje er medlem av senterungdommen er ikkje namnet på fylket det viktigaste, men at tenestene er gode, at løyvingane er store nok og at folk opplev at dei blir vareteke. Det vil vi i Unge Høgre jobbe for framover.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags