Sats på klimaomstilling i krisen

ERFARING: Landbasert vindkraft har gitt oss verdifulle erfaringar, men det er avgrensa kor mange område me kan setje av til vindkraft på land. Eit område kor Noreg derimot kan ta ei leiande rolle er innan flytande havvind, skriv artikkelforfattarane. Bildet er frå Lillgrund Vindmøllepark ligger ca 10 km utenfor den skånske kysten

ERFARING: Landbasert vindkraft har gitt oss verdifulle erfaringar, men det er avgrensa kor mange område me kan setje av til vindkraft på land. Eit område kor Noreg derimot kan ta ei leiande rolle er innan flytande havvind, skriv artikkelforfattarane. Bildet er frå Lillgrund Vindmøllepark ligger ca 10 km utenfor den skånske kysten Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Norsk økonomi går gjennom ei tøff tid. 14 prosent av arbeidsstyrken i Vestland står utan arbeid. Alle bransjar merkar effektane av viruset. I tillegg til stenging har Noreg blitt råka av eit massivt fall i oljeprisen. Vestland, som har ein stor del av oljeaktiviteten, blir difor ramma ekstra hardt.

Frykta er at oljenæringa, med alt av tilhøyrande maritim næring og industri, vil merke effektane i lang tid. Desse næringane er viktig for Noreg og me har behov for tiltak for å hjelpe næringa.

Grøn omstilling bør vere ein del av løysninga. Klimakrisa er like alvorleg som før viruset. Allereie før korona visste me at oljeaktiviteten gradvis ville bli lågare og at Noreg trong fleire bein å stå på. Vi bør bruke denne krisa til å få til nettopp det!

Vestland fylke, LO og NHO har lansert fleire satsingsområde som vi meiner vil bygge bru mellom eksisterande oljenæring og det grøne skiftet.

For det første må me kome i gong med fullskala karbonfangst- og lagring. Avfallshandtering og sementproduksjon er døme på to aktivitetar som berre kan bli utsleppsfri dersom me kjem i gang med karbonfangst. Equinor sitt prosjekt Northern Lights har kartlagt at det er mogleg å lagre 1000 år med norske utslepp under havbotnen i Nordsjøen. Sintef har spådd at karbonfangst- og lagring kan skape 70.000 nye arbeidsplassar. Dette er arbeidsplassar me treng.

Endå betre er det at karbonfangst kan bli eit viktig ledd i utviklinga av framtida sin energiberar, nemleg hydrogen. For å framstille hydrogen kan me spalte naturgass og føre karbonet tilbake til havbotnen. Att står me med 100 prosent rein energi. Hydrogenet kan me bruke i industrien, til transport og til oppvarming. Det hastar med å få på plass ein heilskapleg strategi for korleis Noreg kan utvikle, produsere og nytte hydrogen som energiberar. Sjølv om framdriftssystemet enno ikkje er avklart, har fylkeskommunen tatt eit viktig steg på vegen med å lyse ut eit hurtigbåtanbod med krav om nullutslepp. Tørr me eigentleg å førestille oss korleis framtida vil sjå ut dersom ein får realisert Stad skipstunnel og kan etablere verdas lengste og grønaste hurtigbåtforbindelse mellom Bergen og Ålesund?

Framtida er elektrisk, og elektrifiseringa av samfunnet må fortsetje med stor styrke. Noreg har tatt eit stort steg på vegen med å elektrifisera bilparken. Og me er kome langt med å elektrifisera ferjene. Men me treng sterkare insentiv for å kome i gong med ein meir heilskapleg elektrifisering til sjøs. Dei som vel elektriske løysingar på sjøen, må få insentiv på lik line med dei som vel elektrisk på land. Me ber regjeringa sjå nærare på korleis me kan få til ei storstilt elektrifisering av fritidsbåtar, arbeidsbåtar og nærskipsfart.

Grøne løysingar er i vinden, men vinden er også ein del av dei grøne løysingane. Noreg har dei seinare åra lagt til rette for bygging av nye vindparkar på land. Landbasert vindkraft har gitt oss verdifulle erfaringar, men det er avgrensa kor mange område me kan setje av til vindkraft på land. Eit område kor Noreg derimot kan ta ei leiande rolle er innan flytande havvind. Hywind Tampen prosjektet er eit viktig første steg, men me treng ein meir heilskapleg plan og endå sterkare verkemiddel for å lukkast med storstilt kommersialisering av flytande havvind.

Det me gjer no kan avgjere om me kjem styrka ut av koronakrisen. Klarer me å kome oss gjennom krisa ved å skape nye eksportmoglegheiter, nye arbeidsplassar og lågare utslepp?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags