Sats på eit landbruk ungdom vil komme heim til

Ein svært viktig del av grunnlaget for å rekruttera til primærnæringane skjer på naturbrukslinjene våre. Derfor er det viktig for oss i Senterungdomen å vareta og styrkje desse opplæringstilboda, slik at fleire får moglegheita til å velje ei grøn og framtidsretta utdanning, skriv artikkelforfattarane..

Ein svært viktig del av grunnlaget for å rekruttera til primærnæringane skjer på naturbrukslinjene våre. Derfor er det viktig for oss i Senterungdomen å vareta og styrkje desse opplæringstilboda, slik at fleire får moglegheita til å velje ei grøn og framtidsretta utdanning, skriv artikkelforfattarane.. Foto:

Av
DEL

LesarbrevLandbruket er ei svært viktig næring og ein berebjelke i samfunnet vårt. I Sogn og Fjordane skaper det mange distriktsarbeidsplassar, både dei som har jordbruket som primærnæring og dei som har sitt arbeid gjennom Tine på Byrkjelo, Nortura i Førde, Felleskjøpet, Fiskå Mølle og veterinærar for å nemne nokon.

Våre distrikt og bygdesamfunn som ungdomen skal kome heimatt til er avhengige av at desse næringane har ei føreseieleg og spennande framtid, med fokus på utfordringar som skal løysast, ikkje at landbruket vert framstilt som eit problem.
Ein svært viktig del av grunnlaget for å rekruttera til desse næringane skjer på naturbrukslinjene våre. Derfor er det viktig for oss i Senterungdomen å vareta og styrkje desse opplæringstilboda, slik at fleire får moglegheita til å velje ei grøn og framtidsretta utdanning.

Om du ynskjer å drive gard, ta fagskule eller høgare utdanning, er det å gå naturbruk ein god start. Det kan alle vi tre som skriv dette innlegget stadfeste. Steffen (21) er agronom, og studerer no husdyrvitskap på NMBU på Ås. Sofie (17) går VG2 landbruk og gartnarnæring på Mo og Øyrane VGS. Sander (20) er agronom og driv med mjølk og sau.

Dyrevelferd er eit viktig tema som vi skal ta på alvor. Skal ein som bonde vere klar for å ta dei rette avgjerdene for å sikre god dyrevelferd, både i den daglege drifta og i dei vanskelege situasjonane, treng ein kunnskap. Fagleg kunnskap om produksjonar og dyra sine behov, om medisinbruk og at dersom din eigen kunnskap og erfaring kanskje ikkje er nok, då skal du spørje andre om hjelp.

Lærdom i økonomi og driftsplanlegging for å sikre ei god og stabil drift er også viktig for å prøve å unngå dei vanskelege tidene, som igjen kan gå ut over dyra. At vi gjer denne kunnskapen og lærdomen lett tilgjengeleg, og naturbruk til eit godt utdanningstilbod styrkjer norsk dyrevelferd. Det er ei investering som både bonden, dyra og forbrukaren nyte godt av.

Dei klima- og miljøutfordringane vi ser i dag, er nokre av dei største utfordringane samfunnet vårt har stått overfor. Vestlandsbonden og eit levande landbruksfagmiljø på Vestlandet er ein utruleg viktig del av løysninga på desse utfordringane. Mattryggleik, kortreist og nyttegjering av dei enorme beiteresursane vi har er viktige for framtida vår. Vi har eit internasjonalt ansvar, og eit lokalt ansvar med å skaffe vår eiga befolkning nok mat. Skal vi klare dette må vi ha dyktige vestlandsbønder som produserer både mjølk, kjøt, grønsaker, frukt og bær.

Det er også avgjerande for framtida at vi klarer å rekruttere fleire unge inn i næringane, og at dei unge, innovative bøndene får utvikle og skape ei framtid for seg sjølv og sin familie i ei bygd og eit lokalsamfunn som dei er glade i. Lys i husa, dyr på beite, born på skulen og norsk mat i butikkhyllene – det er eit berekraftig samspel.

Det er i møte mellom ny teknologi, framtidsretta forsking, folk med begge beina godt planta på jorda, og sunt bondevett vi skaper framtida. Slike møte skjer kvar einaste dag på naturbrukslinjene. Derfor meiner vi det er viktig å styrkje og satse på dette utdanningstilbodet.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags