Samfunnsplanleggar om Førdepakken

Helge Schei (bildet) står fast på at han er samfunnsplanleggar, sjølv om Kjartan Myklebyst har sådd tvil om fagkunnskapen hans i eit tidlegare lesarinnlegg i Firda.

Helge Schei (bildet) står fast på at han er samfunnsplanleggar, sjølv om Kjartan Myklebyst har sådd tvil om fagkunnskapen hans i eit tidlegare lesarinnlegg i Firda. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Det er velkjent at når ein slepp opp for gode argument så prøver ein seg på latterleggjering. Sivilarkitekt Kjartan Myklebust raljerer såleis i Firda tysdag 9.nov.2020 over min «mangel på kompetanse» og hevdar at det er ei gåte at underteikna kan kalle seg samfunnsplanleggar.

For ordens skuld, og oppklaring av «gåta»: I vårsemesteret 1975 vart eg uteksaminert frå Høgskulen i Volda med tittelen: «Høgskulekandidat i samfunnsplanlegging». I heile mitt yrkesaktive liv etterpå har eg arbeidd med saksfelt der innhaldet i studiet har vore høgst relevant. I tillegg kjem åra som lokalpolitikar i Førde, dei 4 siste også med plass i planutvalet. Det vil føre for langt å definere faget/studiet fullstendig her, men ein kan gjere eit Google- søk med søkeord «samfunnsplanleggar».

Då vil ein finne dette og meir på Utdanning.no:
«Som samfunnsplanleggar arbeider du med planlegging og utvikling av regionar, byer, lokalsamfunn eller ein bestemt sektor i samfunnet.
Ein samfunnsplanleggar jobbar med samfunnsutfordringar som for eksempel vekst, fråflytting, utbyggingsmønster, folkehelse, næringsutvikling eller samferdsel».

Så til sjølve saka: På eitt punkt kan eg seie meg samd med «Framtidsførde» og Myklebust. Eg meiner også at bilbru over Løken (tiltak 12) ved Helsetunet er uheldig, av fleire grunnar, og stemde mot den i planutval og bystyre. Vi i SV meinte at bilbrua burde komme over Firda Billag-tomta og gjekk sekundært inn for ei gang/sykkelbru ved Helsetunet. Men vedtaket slik det nå er, vart gjort med overveldande fleirtal. Vår/mi haldning til brua over Løken burde vore kjent for Myklebust.

Myklebust går punktvis gjennom kvifor eg ikkje «har skjønt teikninga»
1). Førde må ikkje bli berre « for dei få som bur her». Handels- og servicenæringa er etablert for, og er dimensjonert ut frå, ein marknad på høvesvis 50 000 og 100 000 menneske innanfor ein reiseavstand på 1- 2 timar. Med mange bruer/gater/vegar/parkeringsplassar kan ein spreie trafikken. Det legg Førdepakken opp til. Og det er heilt feil at den ikkje tar omsyn til mjuke trafikantar. I alle tiltaka er dette teke omsyn til. Og nokre av tiltaka handlar stort sett berre om gang og sykkelveg. Dette underkommuniserer også Myklebust og aksjonsgruppa.

Dei andre temaa Myklebust nemner blir påstandar som bør karakteriserast som fagleg semje på nokre punkt og usemje på andre.

Min påstand er at det blir marginal total skilnad på samla trafikkmengd med bru over Jølstra ved Førdehuset (i alle fall i alternativ 1, men som er lagt bort). Ein må sjå på alle bruløysingane, også tiltak 12 og 20, i ein samanheng. Då vil ein kunne gjere kanaliseringstiltak, ja kanskje ein kan ta fram tidlegare visjonar om annleis bruk av Langebrua.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken