Gå til sidens hovedinnhold

Tiltak mot kabotasje

Artikkelen er over 4 år gammel

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Sikkert godt meint å innføre register over utanlandske transportørar, slik AP-representantane Høl og Midtbø foreslår i lesarinnlegget ”Trailer imot”. Men det er dessverre eit utilstrekkeleg tiltak mot kabotasje.

Marknadsliberalistane i ulike parti har slept den internasjonale konkurransen laus i Noreg. Dette fører til press på løns- og arbeidsvilkåra (sosial dumping) og at norske firma og deira arbeidsplassar blir utkonkurrerte på pris. Dette går ikkje minst ut over arbeidsplassar i Distrikts-Noreg - også i Sogn og Fjordane.  Kabotasje inneber også auka fare for dårleg sikkerheit på norske vegar.

Kabotasje-reglane inneber at innafor ein periode på sju dagar frå tidspunktet den internasjonale lasta blei lossa i Noreg, kan det utanlandske firmaet sin bil gjennomføre inntil tre innanlandske transportar.

EU-kommisjonen arbeider desverre med ytterlegare liberalisering av transport. Eit av forslaga er at det skal bli høve til uavgrensa kabotasje innafor ein 50 dagars periode, men at utstasjoneringsdirektivet i så fall skal gjelde. Dette direktivet blir no tolka slik at det ikkje vil vere noko minimumsløn for sjåførar i Noreg. Alternativt skal ein ha fri tilgang til kabotasje i ein firedagars periode. Dette er frå vondt til verre og vil truleg bli gjeldande i Noreg gjennom EØS-atalen dersom ikkje norske styresmakter seier stopp.

Høl og Midtbø sitt forslag om registreringar er utvilsamt godt meint, men vil ikkje hjelpe. Det einaste som vil nytte, er dersom AP vil ta i bruk EØS-avtalen sin artikkel 112. Den tillet Noreg å setje avgrensingar på EU sin konkurransetvang ”dersom alvorlige økonomiske, samfunnsmessige eller miljømessige vanskeligheter som kan vedvare, er i ferd med å oppstå i en sektor eller innen et distrikt.”

Spørsmålet til Høl og Midtbø blir: Når AP vil ta i bruk EØS-avtalen sin artikkel 112? Denne artikkelen er etter kvart eit av dei få alternativa for dei som er ueinige med oss i at EØS-avtalen må seiast opp.

Kommentarer til denne saken