Skattelette må betalast

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevRundt om i mange kommunar sit no politikarane og slit. Oppgåvene aukar medan inntektene stagnerer eller minkar. Avsette midlar i ulike fond vert omdisponerte til drift. Neste år er fonda tome og situasjonen endå verre.

Skattelette

Høgre og Framstegspartiet prioriterer på topp å gje skattelette. I valkamptider høyrest det ut som regjeringa først og fremst har omsut for såkalla ”vanlege folk”. Resultatet er slik: Folk flest, eller 94 prosent av befolkninga, har i snitt fått 3637 kroner årleg i skattekutt. Det tilsvarar omlag 10 kroner om dagen. 1600 personar i Noreg høyrer til den eksklusive klubben som har 100 millionar eller meir i formue. Kvar av dei har i snitt fått 575.000 kroner i skattekutt i året. I forrige valperiode kutta regjeringa skattane med 25 milliardar og auka avgiftene med fire milliardar. Ei liste med 82 gåvmilde høgresympatisørar synet at desse har gjeve Høgre vel 16 millionar i gåver i førre valperiode. Samla sparer dei 230 millionar i formueskatt. Den som gjev, skal få!

Alternativ pengebruk

Høgre argumenterer med at når dei rike får skattelette, så investerer dei pengane i produksjonsbedrifter og skaper såleis nye arbeidsplassar. Denne argumentasjonen finn vi i alle land. Undersøkingar syner at mykje av pengane søkjer seg dit fortenesta er høgast, og kan oppnåast raskast. Aksjebobler veks over alt. Investeringar i bustader har vore, og er, lukrativt, og dei med mykje pengar investerer mykje i hus. Ofte kjøper dei fleire bustader.Dette har fått prisane til å vekse. Mange vanlege folk sit difor med svært høge lån; endå ei boble som nedgangstider vil detonere. Denne bobla ventar ein på i mange land.

Betre pengebruk

Kommunane, inkludert fylkeskommunane, syter for ein stor del av velferda folk treng, så som helse, eldreomsorg og anna omsorg, grunnskule og vidaregåande og barnehagar og ymse anna. Dei treng meir pengar.

Internasjonal trend

Dei seinare åra har fleire økonomar lagt fram analysar over korleis verdiskapinga i samfunn vert fordelt. Eit hovudtrekk er at verdiane hopar seg opp hjå dei rike. Eit velkjent døme er at dei åtte rikaste på jorda tener like mykje som den fattigaste halvparten. Og desse økonomane er ganske samstemte i at dette medfører ei dårleg samfunnsutvikling med auka spenningar mellom innbyggjarane. Og økonomiane vert meir utsette for kriser.

Også i Noreg trengst ei betre fordeling

Folk treng gode offentlege tenester. Det er absurd at folk flest skal betale for skattelette til dei rike, ein skattelette dei ikkje treng. Medan offentleg sektor vert pressa med tilstrammingar.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags