Tryggare veg mellom Florø og Førde

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevRV5 mellom Førde og Florø er ein av dei mest trafikkerte vegane i Sogn og Fjordane. Dei siste ti åra har det blitt registrert 18 steinskred på ei kort strekning mellom Naustdal og Erdalen i Førde, og heile ni dei siste tre åra.

Mellom Florø, Naustdal og Førde er det mykje pendling i begge retningar. Kvar dag køyrer mellom fire og fem tusen køyretøy på denne vegen, som er einaste veg mellom dei to største byane i Sogn og Fjordane. Det bur til saman 25.000 personar i området og aksen er svært viktig for busetting, sysselsetting og næringsutvikling i fylket. Samfunnet taper store summar når vegen er stengt. Det viktigaste er likevel at folk ferdast trygt.

Det er mange i fylket og landet som lever med rasfarlege vegar i frykt for store steinar og jordskred, men det må vere eit prinsipp at rassikringsmidlar går til dei strekningane som hastar mest. Riksveg 5 mellom Florø og Førde er blant dei.

I samferdselspolitikken set Venstre tryggleik først. Rassikring handlar om trygge skulevegar for ungane våre, for pendlarar og yrkessjåførar. Rassikring må bli prioritert i åra framover.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags