Det som går i oppløysing

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LesarbrevI Firda 27. februar skryt Bjørg Sølvi Refvik uhemma av sitt parti ”De kristne” og eldsjelene der. Skal ein døme etter hennar omtale av dei ho kallar skeive og unormale så er det ikkje mykje eld og forståing i desse sjelene. ”No er det det unormale som skal vere normalt. Det ”skeive” skal no vere samfunnsnorm. Forstå det den som kan”. Ein forstår ikkje. Difor framstår det som unormalt. I si tid vart Bell, som fann opp telefonen, kasta i fengsel, anklaga for noko dei kalla hekseri. I dag er det vel rekna som normalt å bruke telefonen også for ”De kristne”. Det som er merkeleg er at dei aldri lærer.

Refvik vender seg til sine gode norske medborgarar som ”framleis har litt fornuft igjen”, og bed dei stemme på ”De kristne” som står for dei verkelege verdiane som sikrar fridom og tryggleik for alle, då bortsett frå dei ”skeive” og ”unormale” som ikkje skal ha lov å vere den dei er. Hadde dei ”verkelege verdiane” i Refvik sitt parti vore verkelege verdiar, ville dei ikkje ha gått til grunne, men vore tidlause og universelle. Det er alltid slik at det som ikkje held mål, før eller seinare går i oppløysing for å gi plass til noko nytt og betre. Det er dette som er utvikling, og slik er dei overordna guddommelege lovene. Kanskje Refvik og likesinna kunne ta seg bryet med å sette seg inn i dei kosmiske lovene som kan samanfattast i lova om årsak og verknad. Ei av desse lovene er lova om tiltrekning, som seier at det ein sender ut på godt og vondt alltid før eller seinare kjem tilbake til avsendaren. Dette har vi tydelege døme på i dag når det vi har ureina hav og fjordar med kjem tilbake til oss i form av ureina fisk og anna sjømat.

I dag skjer endringane i eit stadig hurtigare tempo fordi kloden vi bur på har nådd eit høgare svingningsnivå. Vi menneske må følgje etter i utvikling om vi skal overleve på denne planeten og slutte å begå feil som får enorme konsekvensar. Det er ikkje dei som prøver å hindre ei naturleg utvikling som blir igjen her til slutt, men dei unormale som ikkje har lete seg villeie av maktsterke religiøse grupper. Desse vil samarbeide med guddommelege krefter og skape den himmeljord vi er lova. Dei som har arbeidd for stagnasjon og forfall vil bli overført til andre stadar i universet som høver betre for deira nivå, for denne planeten skal bli eit paradis, slik den eingong var. Då var mennesket / humanoidane tvekjønna og befrukta seg sjølv. Ringen vil bli slutta.

Refvik klagar over at ho og hennar likesinna blir mobba til tausheit. Dei siste par hundreåra har det vel heller vore slik at det er dei som pyntar seg med kristennamnet som har mobba og fordømt alt og alle som er annleis. Blant anna difor gjekk det så lang tid før dei skeive våga å komme fram i lyset eller ut av skapet som ein seier. Det er ikkje for tidleg at også desse får uttale seg og gjere seg gjeldande i samfunnet. Det er ikkje sant som Refvik seier at berre par av ulik kjønn kan oppdra barn til gode samfunnsborgarar. Var det slik, ville vi hatt eit heilt anna samfunn.

Utviklinga går sin gang uansett. Ved å hindre ei naturleg utvikling skaper ein stagnasjon og dermed nettopp forfall og oppløysing. ”Slik puppa utviklar seg til ein sommarfugl, slik utviklar menneskets sjel seg gradvis til den fullkomenheit som er Kristi fullkomenheit. Dette er Lova. Du kan ikkje stoppe det, for det er fullføringa av den lov som Jesus tala om” (Kanalisert materiale).

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags