KrF tar pensjonistane på alvor

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.KrF tar pensjonistane på alvor. Det har vi vist når vi i dei to siste åra har fått gjennomslag for å auke pensjonen minstepensjonistar, til saman har vi fått til ein auke på 8 000 kroner for einslege og 1 000 kroner for gifte og sambuande pensjonistar.

Noreg har ein god velferdsstat og er eit av verdas beste land å bli gammal i, men vi må alltid jobbe for å gjere det betre for dei som ikkje kjem best ut med dagens ordnignar. Auken for minstepensjonistane er viktig fordi alle pensjonistane i Noreg må ha dei økonomiske rammene dei treng for å leve eit godt liv. Regjeringspartia ønska ei ordning der pensjonistane fekk skattelette, men dette ville ikkje gitt meir til dei som har minst.

KrF vil ha ein meir aktiv seniorpolitikk der det er lettare å kombinere arbeid og pensjon. Eldre er friskare og lever lenger enn før, dei er ressursar som kan bidra med mykje i samfunnet. Sjølv om vi er glade for gjennomslaget, er vi endå ikkje i mål.

Ei av sakene KrF løfta men ikkje fekk med seg andre på var å få pensjonsslippen tilbake på papir for dei som ønska det. Vi må ta på alvor at ein del pensjonistar føler seg diskriminert fordi dei ikkje har same høve som andre til å følgje det digitale skiftet. Andre parti meinte prislappen på 30 millionar for året var for dyrt, det synes ikkje KrF – vi har då hatt råd til dette fram til i år!

Tore Storehaug, 1.-kandidat KrF ved stortingsvalet

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags