Undergraving av arbeidsplassar

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevNorske hushald blei i 2015 belasta med ei straumrekning som var rundt 500 kr dyrare enn nødvendig. Husstandane måtte subsidiere det unødvendige arbeidet med å femdoble kraftoverskotet fram mot 2030.

Takka for dette er at kraftprisane kjem til å stige med over 30 % fram mot 2030. Det skuldast at resultatet av den forbrukar-subsidierte kraftutbygginga skal eksporterast ut av landet.

Planen om krafteksporten fører til bygging av to nye kraftkablar som skal knyte Noreg til England og Tyskland. Berre bygginga av desse kablane vil i seg sjølv presse norsk kraftprisar opp.

Den auka krafteksporten vil også føre til at arbeidsplassane i kraftkrevjande industri misser konkurransefordelen vi har hatt. Stygge spådomar går ut på at dette kan føre til at kraftprisane i Noreg aukar frå 23 til 30 øre pr. kWh. Nettleiga og andre avgifter kjem som eit dominerande tillegg.

For eit aluminiumsverk på Hydro Høyanger sin storleik vil dette bety 60-70 mill. kr i ekstrautgifter. Det økonomiske overskotet i 2016 var knappe 80 mill. Det seier seg sjølv kvar dette kan ende.

For den delen av arbeidarklassen som har fast arbeid, vil auken i kraftprisar redusere kjøpekrafta. For den arbeidslause delen av klassen og for dei uførepensjonerte vil dette bli dramatisk.

Utbygginga av eit kraftoverskot har kosta oss økonomisk ein god del allereie. I framtida kan prislappen bli endå meir dramatisk. Tusenvis arbeidsplassar kan stå for fall.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags