Folket skal eige krafta

Fossen Kviteførkle i Gaular lever opp til namnet sitt.

Fossen Kviteførkle i Gaular lever opp til namnet sitt. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Elektrisk energi frå fossefall var noko nytt tidleg på 1900-talet. Dei som forstod kva verdiar som var her, starta å kjøpe norske fossefall. Regjeringa i Noreg fekk sjokk då dei fekk oversikt over kor mykje utanlandsk kapital hadde kjøpt. Frå 1906 til 1917 gav det norske Stortinget ein serie konsesjonslover for vasskraft, og for andre naturressursar som skog og bergverk. Grunnprinsippet var at norske naturressursar først og fremst skulle eigast av den norske offentligheita eller på annan måte vere under streng demokratisk kontroll. Private selskap kunne få konsesjon, løyve, til å bruke fossefall. Men den norske staten sette vilkår for kvar konsesjon. Og eigarskapet til kraftverket med alt utstyr skulle gå vederlagsfritt til staten etter konsesjonstida; som har variert mellom 50 og 75 år. Prinsippet om folket sitt eigarskap vart også lagt til grunn då oljepolitikken vart utforma på 1960-talet.

EU er prega av mange motstridande interesser. Etter Brexit skulle ein tru at dei som vil køyre gjennom meir union, slo av på farten for ikkje å provosere meir motstand mot heile EU-opplegget. Men nei, dei held stø kurs mot meir union på nye felt, og får på plass ny lovgjeving.

Energibyrået Acer, Agency for the Cooperation of Energy Regulators, vart grunnlagt i 2009 og skal styre og kontrollere omsetnaden av energi. Målet er at all energi skal flyte fritt over landegrensene, berre styrd av marknaden. Acer har som mål å lage eit felles europeisk nett for både gass og straum. Nasjonale omsyn skal ikkje kunne takast. EU vil ha heile regelverket for Acer inn i EØS-avtalen.

Etter at personalunionen med Sverige og felles konge tok slutt i 1905 har Noreg vore ein fullt ut suveren stat. Det inneber at andre statar og organisasjonar ikkje kan styre over Noreg, lage lover som skal gjelde i Noreg.

Paragraf 115 i Grunnlova opnar for at Noreg kan overføre myndigheit til internasjonale organ der Noreg er medlem. Paragrafen krev tre fjerdedels fleirtal i Stortinget for slik suverenitetsoverføring. Paragraf 26 i grunnlova kan brukast ved myndigheitsoverføring så lenge denne overføringa er ”lite inngripande”. Då er vanleg fleirtal nok. Regjeringa hevdar at overføringa av styringsrett til Acer ”ikke er inngripende”, og at Stortinget difor kan vedta å late Acer overta styring med distribusjon av norsk kraft med vanleg fleirtal, og ikkje med tre fjerdedels fleirtal. Dersom suverenitetsavståing på eit så sentralt område som distribusjon av energi ikkje er inngripande, kva er då inngripande?

Dersom Stortinget sluttar Noreg til Acer, vil prisnivået i EU-land vi har kablar til også prege prisnivået i Noreg; Innan 2030 kan vi forvente at straumprisen aukar med minst 30 prosent, og same prisauken for nettleiga. Kraftkrevjande eksportindustri vil miste sin viktigaste konkurransefordel. Og det aller viktigaste; Det vil ikkje vere mogeleg å endre politikken gjennom vedtak i Stortingsval, for med Acer på plass er det EU som bestemmer.

Heilt sida konsesjonslovene vart laga for over hundre år sidan har dette prinsippet slege solid rot. Og dette prinsippet har framleis tilslutnad frå eit stort fleirtal. Stortinget må avvise at Noreg sluttar seg til Acer.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags