Kvar er den norske solidariteten?

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevDen 5. august heldt den særs rasistiske organisasjonen Stans Islamiseringa av Noreg, (eller SIAN for kort), ein demonstrasjon i mot det dei kalla ’’folkevandringa’’ og ’’den islamske invasjonen’’ av landet, i Bergen. Retorikken dei brukte kan kallast ein ’’mildare’’ versjon enn den Adolf Hitler brukte om det jødiske folk før andre verdskrig, men ikkje vent lenge før dei tek i bruk same retorikken, men denne gongen mot ein anna fiende!

som i dag var det eit brennande framandhat mot dei som kom til å ’’invadere landet og utrydde folket vårt’’. Men det dei gløymer er at dette er inga invasjon, dette er inga konspirasjon om å utrydde ’’folket vårt’’. Tvert imot, desse flyktar frå våre invasjonar. Dei vestlege invasjonane av heimlanda deira. Det den ekstreme høgresida ofte gløymer er at dersom dei ikkje ynskjer flyktningar burde dei stoppe krigføringa, eller for å gje eit norsk eksempel, stanse våpeneksporten. Desse flyktar frå landa sine og søkjer faktisk berre å starte livet på nytt etter at vesten har øydelagt deira heimar og liv, dermed søkjer dei ikkje å etablere sharia eller ein muslimsk etnostat.

Kvar er tankane om solidaritet frå gamle dagar?

Men dette handlar ikkje om kvifor dei kjem, men korleis vi skal ta dei imot. Når dei vert møtt med hat frå SIAN eller FrP møter dei frykt. Dei møter hat. Dei møter ikkje Noreg, dei møter ny-fascisme. Etter krigen vart Noreg bygd på idear om solidaritet, samhald og fellesskap, for å byggje opp landet. Eg trur me har gløymd desse tankane. Eg trur desse ideane døydde samstundes som ny-liberalismen fekk liv. I dag prøver SIAN å bruke ein oss-mot-dei retorikk, noko som viser fram til at dei gode ideane om samhald har gått i gløymeboka.

Fascismen er på frammarsj, har me verkeleg ikkje lærd av historia? Historia repeterer ikkje seg sjølv, menneskje repeterer den. Og desse menneskja er fascistar. Fascismen startar med nokre få, forførande menneskje og endar med millionar av uskuldige tapte liv. Let me SIAN få vilja si ser ikkje framtida for minoritetar eller flyktningar særlig lys ut, nei den ser ut som ei blanding av svart og brun.

Fascismen har gått til åtak mot samfunnet vårt fleire gongar, den mest nylege og verste hendinga var under massakren og bombinga den 22. juli 2011. Fascisten Anders Behring Breivik gjett til åtak mot våre demokratiske idealar for å ’’beskytte det norske folk frå den muslimske invasjonen’’. Retorikken til Breivik er skremmande lik SIAN si, skulle nesten tru det var den same? Breivik sitt åtak er eit bevis på at fascismen utnyttar alle mogelege verkemiddel for å få gjennom bodskapen sin, ja til og med vald mot ungdommar.

Difor me ta grep! Eit grep mot fascismen, ein gong for alle. Det er i stunder som dette Noreg skal ta i bruk den solidariske tankegangen og vise vårt avsky mot fascismen som har undertrykt landet og det faktiske folket før. Ja, for berre tenk kor keisam landet hadde vore utan kebabsjappa på hjørnet, vårullboden i festivaltidene eller språkkafeane i kulturhusa!

Sander Fjærestad, Balestrand

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags