Ein rutineprega kvardag

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LesarbrevDu vaknar om morgonen. Ser at klokka viser tidleg. Skjøner idet du ser ut vindauget at støvlane må på i dag igjen. Skjønar at i dag er ein dag akkurat lik den i går, og den før det, og til og me den før der igjen. Du kjenner den same kaffilukta frå kjøkkenet, og du høyrer den same småpraten frå radioen. Det er ein morgon lik dei andre.

Vi vert meir og meir fastlåste i vår eigen kvardag, der vi hastar oss rundt for å rekke alle plikter og oppgåver. Dei er kanskje viktige der og då, men i den store samanheng er dei heilt uvesentlege. Alle desse pliktene og oppgåvene vert ei rutine, og etter kvart blir heile dagane fylte av slike plikter og oppgåver. Det er då livet i seg sjølv er blitt ei rutine.

Bakgrunnen til desse rutinane er alle forventingane samfunnet stiller til oss. Det blir forventa at ungane skal gå i barnehage, bli godt følgde opp på skulen, og i tillegg drive med fritidsaktivitetar. Som vaksen blir det forventa at du skal ha ein god jobb, gjerne med høg løn, og helst med ei lang utdanning bak. Du skal stille på møter, dugnad, vere den flinke forelderen som køyrer til fotballkamp, samstundes som du skal vere ein god kokk og halde huset i orden til ei kvar tid. Det blir rett og slett forventa at du heile tida skal meistre på alle område, og er det då rart at ein gløymer å leve opp i det heile?

Når kvardagen fyller seg opp av forventningar du føler du må oppfylle, oppgåver som blir rekna som obligatoriske, då er det ikkje mykje tid som står att til å stoppe opp. Då er det ikkje mykje tid til å kjenne at regndropane treff jakka di, til å kjenne vinden suse gjennom håret medan du ser på fuglane som søkjer ly oppe i treet. Då er det ikkje mykje tid til å hoppe i sølepyttar, nyte soloppgangen frå ein fjelltopp, eller ta eit kjølig kveldsbad i fjorden. Det er då det er på tide å bryte desse rutinane.

Eg seier ikkje at ungane ikkje bør gå i barnehage, eller at ein bør la vere å stille på dugnad, men det eg prøver å sei er at ein av og til må prioritere, omstokke, eller berre gjere småting litt annleis. Eg synest i alle fall det er svært viktig å bryte rutinane så fort som mogleg, for å få noko ut av livet medan ein har det.

Ta frukosten i hagen ein dag, rull i graset sjølv om du meiner du er for gammal, et dessert før middag, og kle deg i genseren med elefantprint som du liker så godt, sjølv om dama i butikken ser rart på deg. Eg vil at du av og til skal la vere å tenkje på forventningane og i staden gjere akkurat det du har lyst til – sjølv om det ikkje er store tinga. For det er desse småtinga som gir deg eit lite avbrekk frå rutinen, og i den travle kvardagen vi lever i no kan det vere slike avbrekk som gir deg det ekstra smilet du treng for å komme deg gjennom alle pliktene og oppgåvene.

Eg trur òg at det er dei same småtinga som er det vesentlege i livet. Det er desse småtinga som fargar den elles grå kvardagen, og gir deg ein latter du kanskje ikkje ville fått utan. Eg trur det er desse småtinga ein ser tilbake på når ein vert gammal, og ikkje det foreldremøtet du gløymde å gå på.

Når sjansen for at akkurat du vart født er så liten som den er, er det så ufatteleg meiningslaust å bruke mesteparten av livet på å fordrive tida. Eg vil nesten kalle det utakksamt å berre gå rundt kvar einaste dag å vere til stades utan å faktisk leve. Utan å bruke dagane, livet, og innsjå kor heldige vi er som får oppleve det. Å leve i ei slik fastlåst rutine er ikkje å verkeleg leve, så bryt den, i det minste inn i mellom.

Du vaknar om morgonen. Ser at klokka viser tidleg. Når du ser ut vindauget gler du deg til å kjenne lukta av det friske regnet igjen. Du gler deg til enda ein moglegheit til å hoppe i sølepyttar. Du kjenner den same kaffilukta frå kjøkkenet, men du tek deg tid til å verkeleg kjenne lukta i staden for å berre vite at den er der, og du høyrer den same småpraten frå radioen, men denne gongen frå ein ny kanal. Det er ein ny morgon å gjere ulik dei andre.

Emilie Larsen Evebø

Sandane

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags