Frivillige er berebjelken i Sunnfjord

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevFrivillig sektor står sterkt i landet vårt, i fylket og lokalt. Frivillige skapar aktivitetar, samhald, felles opplevingar og identitet, og tek eit stort samfunnsansvar for folkehelse og inkludering. I det som skal bli Sunnfjord kommune finn vi godt over 500 lag og organisasjonar. Den nye kommunen bør gje frivilligheita den anerkjenninga og støtta vi fortener.

Frivillighet Norge har laga eit norgeskart som viser om kommunane har ein heilskapleg frivilligheitspolitikk eller ikkje. Ifølge kartet har verken Gaular, Jølster, Naustdal eller Førde ein heilskapleg frivilligheitspolitikk i dag. I Sogn og Fjordane er det faktisk berre Flora kommune som lyser grønt på kartet, medan Eid kommune lyser oransje for å ha starta arbeidet med ein plattform for frivilligheit. Dei 24 andre kommunane i fylket lyser raudt, og er dermed i kategorien «Har ingen frivillighetspolitikk».

Frivillighet Norge samlar over 300 frivillige organisasjonar i Norge med rundt 50 000 lokale lag. Ei av oppgåvene til Frivillighet Norge er å hjelpe kommunane i utviklinga av ein heilskapleg politikk for frivillig sektor.

Norge er verdsmeister på dugnad og frivilligheit. Frivilligheitsbarometeret for 2017 viser at over 60 % av befolkninga i Norge har gjort dugnad siste året. Verdiskapinga i frivillig sektor er rekna ut til å vere på fleire hundre milliardar kroner eller nærmare 150 000 årsverk. I Sogn og Fjordane står frivillig sektor spesielt sterkt, og tal frå kulturindeksen for Sogn og Fjordane 2017 viser at vi ligg godt over landssnittet når det gjeld frivillig innsats.

Det bør vere ei viktig oppgåve for politikarane i det som skal bli Sunnfjord kommune å legge til rette slik at samarbeidet og dialogen mellom frivillige og kommunen blir god. Det må også hentast inn kunnskap om det store mangfaldet av tilbod og tenester ein finn innan frivillig sektor, og det må setjast av midlar til å støtte opp om arbeidet.

Sunnfjord Venstre meiner frivillig arbeid er ein berebjelke i den nye kommunen. Vi er derfor glade for å ha fått bystyret i Førde kommune med på eit samrøystes vedtak der vi ber fellesnemnda for den nye kommunen om å løfte politikk for frivilligheita inn som ei viktig satsing i Sunnfjord kommune.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags