Nei til sentralisering og privatisering av Statens vegvesen!

STOPP: Fagmiljøet i Leikanger må oppretthaldast på minst same nivå som i dag og dei føreslåtte endringane og nedleggingane ved trakkstasjonane må stoppast og leggast bort, skriv Nils P. Støyva i denne artikkelen.

STOPP: Fagmiljøet i Leikanger må oppretthaldast på minst same nivå som i dag og dei føreslåtte endringane og nedleggingane ved trakkstasjonane må stoppast og leggast bort, skriv Nils P. Støyva i denne artikkelen.

Av
DEL

MeiningarKonstituert vegdirektør, Bjørne Grimsrud, la den 20.05 fram si tilråding til framtidig struktur for trafikkstasjonar og divisjonar. For å imøtekome regjeringa sine krav om effektivisering, tilrår han å legge ned 22 av dei 74 trafikkstasjonane rundt om i landet. I tillegg vil han endre funksjonane til mange av dei trafikkstasjonane som blir att. Trafikkstasjonen i Sogndal vil bli endra til eit servicekontor. Trafikkstasjonen på Nordfjordeid skal berre ha ambulerande bemanning. I tillegg vil transportnæringa som driv med ADR-transport ikkje lenger kunne få sin årlege kontroll og godkjenning i Førde, men må reise til Bergen eller Ålesund for å få gjennomført denne.

Vert tilrådinga frå konstituert vegdirektør vedteken, er dette eit nytt sentraliseringsgrep frå regjeringa. Tenester som ein no kan få gjennomført på eit par timar, må ein framtida bruke heile dagen for å få utført. Dette medfører sjølvsagt at ein må ta seg frå fri arbeid med dei negative konsekvensar dette har for verdiskapinga og arbeidsgjevarane. Regionkonferansen til LO i Sogn og Fjordane gav i mars ei tydleg fråsegn i mot dette.

I tillegg til reduksjon i tenesteytinga, vil nedlegginga føre til færre statlege arbeidsplassar i distrikta. Kompetansemiljø vert svekka og brotne opp. Endringane ved regionvegskontora og trafikkstasjonane vil føre til auka gjennomtrekk av tilsette i Statens vegvesen. Statens vegvesen melder sjølve om stor turnover. Dei tillitsvalde fryktar for kva dette vil gjera med trafikktryggleiken. Regionkonferansen til LO Sogn og Fjordane vil ha trygge, kostnadseffektive løysingar på vegnettet vårt og desentraliserte og kompetente fagmiljø. Det må vere eit statleg og nasjonalt ansvar at innbyggjarane skal få eit likeverdige tilbod i heile landet. LO fryktar også at sentraliseringa og privatiseringa vil svekke trafikktryggleiken.

Dei tilsette på trafikkstasjonane utfører eit særs viktig arbeid knytt til kontrollar av køyretøya på vegnettet vårt. I løpet av vinteren 2018 kontrollerte tilsette i Statens vegvesen 63000 tunge køyretøy. Av desse var 1550 køyretøy utan godkjente vinterdekk og over 900 hadde manglar ved kjettingar. Utanlandske vogntog er overrepresentert i alvorlege hendingar på vegnettet. Kontrollverksemda til Statens vegvesen avdekker også ulovleg kabotasje og sosial dumping. LO meiner dette er ei svært viktig oppgåve som må opp prioriterast. Dette er ein svært viktig og kritisk samfunnsfunksjon som framleis må vere ei offentleg oppgåve. Regionkonferansen til LO Sogn og Fjordane krev også at den føreslåtte nedlegginga og endringane ved trafikkstasjonane vert lagde bort. Trafikkstasjonane må behalde sine noverande funksjonar.

Statens vegvesen er i dag delt inn i fem regionar. Dette skal no endrast til divisjonar. Regionvegskontora er ikkje lagt til dei største byane, men til Leikanger for Region vest, Lillehammer for Region øst, Bodø for Region nord, Molde for Region midt og Arendal for Region sør. Grunngjevinga for å legge regionvegskontora til mindre byar og tettstadar var at ein skulle få ei god fordeling av dei statlege arbeidsplassane. Det vart gjort av dåverande samferdselsminister Torild Skogsholm (V). I framlegget ser vi ei regional sentralisering der det berre er Arendal som får behalde sin noverande status og får ein divisjon, i tillegg til Tromsø, Trondheim, Bergen, Drammen som er utpeika som lokasjonar for divisjonsleiing. Her ser ein nok ein gong at dei minste stadane får dei største konsekvensane. Prosjektavdelinga i Region vest har i dag den største investeringsportefølje av alle regionane og vert i dag leia frå Leikanger. I framlegget frå konstituert vegdirektør vert desse oppgåvene flytta frå Leikanger til Bergen.

Regionkonferansen i LO Sogn og Fjordane vil framleis at dei viktige arbeidsplassane i distrikta skal bestå. Fagmiljøet i Leikanger må haldast oppe på minst same nivå som i dag og dei føreslåtte endringane og nedleggingane ved trafikkstasjonane må stoppast og leggast bort.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags