Trailer imot. Mangelfull tryggleik.

RYDD OPP: det er viktig at vi får styrka rekrutteringa av morgondagens sjåførar. Då er det avgjerande at vi får rydda opp i desse forholda, skriv artikkelforfattarane. Illustrasjonsfoto

RYDD OPP: det er viktig at vi får styrka rekrutteringa av morgondagens sjåførar. Då er det avgjerande at vi får rydda opp i desse forholda, skriv artikkelforfattarane. Illustrasjonsfoto

Av
DEL

MeiningarErfaringane frå vinteren er tydelege. Vi har fått nokre betydelege utfordringar i transportbransjen. Dei norske kontrollørane blir stadig møtt av vogntog som har tynnslitne dekk, øydelagde bremseskiver og mangelfull kviletid. Sosial dumping er i høgste grad til stades på vegnettet vårt. Fleire rapportar vitnar om sjåførar som har måtte overnatte og leve i lastebilen i månadsvis. På toppen av dei heile sitt desse ofte att med lønningar som er ulovleg låge.

I fjor kolliderte nesten 1000 utanlandske vogntog med bilistar på norske vegar ifølge tal frå forsikringsbransjen. I 80 prosent av tilfella hadde det utanlandske vogntoget som hadde skulda. Her er det verdt å minne om at vi ikkje må legge alt av skuld på sjåføren. I mange tilfelle blir desse pålagt av transportselskapet sitt å køyre med eit vogntog som ikkje er skodd etter dei norske forholda. Den mangelfulle tryggleiken skapar ein betydeleg uro for både sjåfør og motgåande bilist, og det er eit forhold som vi i Vestland AP ikkje kan akseptere på vegane våre.

Ein overvekt av desse avvika blir oppdaga på utanlandske køyretøy som blir stoppa i kontrollen. Dagens reglar gjev EØS-transportørar tilgang til å køyre inntil tre innanlandske oppdrag i Noreg i løpet av sju dagar. Med dei føreslegne endringane i kabotasjereglementet i EUs mobilitetspakke blir det føreslege eit uavgrensa tal køyreoppdrag innanfor fem dagar. Med andre ord blir det løfta opp eit framlegg som i praksis vil vere eit frislepp for heile den austeuropeiske transportmarknaden.

Det vil gi uheldige konsekvensar for både transportnæringa og vegtryggleiken. Norsk Transportarbeiderforbund og Norsk Lastebileigarforbund har understreka eit klart behov for å ta sterkare grep mot dei useriøse transportaktørane. Då er det naudsynt at vi bruker reservasjonsretten mot eit ytterlegare frislepp, og ikkje minst at vi styrkar handlingsrommet til kontrollørane.

Yrkessjåførane har ei stolt historie i Noreg, og det er viktig at vi får styrka rekrutteringa av morgondagens sjåførar. Då er det avgjerande at vi får rydda opp i desse forholda. For vi må faktisk kunne tilby ungdommane våre ein bransje og ei framtid der tryggleiken og anstendige arbeidsvilkår er vareteken når dei vel transportlinja. Om vi held fram med Regjeringa si pusling kan vi i verste fall ende opp med same utvikling som byggenæringa har møtt på Austlandet. Men heldigvis er det framleis gode føresetnadar for å snu trenden om ein har vilje og handlekraft til å bruke den politiske verktøykassa.

Regjeringa må slutte å somle. No krev vi følgande tiltak:

  1. Det må settast krav om bruk av elektronisk fraktbrev og bombrikke som òg er registrert på transportselskapet i alle vogntog
  2. Vi må styrke samordninga og fellesaksjonane mellom toll, vegvesen, politi og arbeidstilsyn, og ikkje minst gi dei ressursane som trengst for å gjennomføre arbeidet
  3. Regjeringa må slutte å kutte i pengane til arbeidstilsynet, og heller gi dei betre økonomiske føresetnadar for å gjere jobben sin
  4. Det må innførast sterkare sanksjonar mot transportselskapa som bryt med den allmenngjorde lønna og som gir sjåførane ulovleg dårlege arbeidsvilkår
  5. Så må Noreg bruke reservasjonsretten mot utvidingane i kabotasjereglane i mobilitetspakka til EU. Desse regelframlegga til EU vil i praksis føre med eit frislepp for dei austeuropeiske selskapa som driv rovdrift på sjåførane sine, og det vil vere ein uhyggeleg spiker i kista for den norske transportnæringa. Framfor å innføre dette må vi heller styrke arbeidsvilkåra og tryggleiken på vegane våre.

Det fortener både folk og næringsliv.

Helge Robert Midtbø (t.v.) og Torbjørn Vereide

Helge Robert Midtbø (t.v.) og Torbjørn Vereide

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags