Skal unødig vegbygging få øydelegge Våtedalen?

SLØSING: Artikkelforfattaren kan ikkje forstå kvifor veg utanom Våtedalen er prioritert. – Skal ein sitje stille og la planlegginga og bygginga berre gå sin gang? spør han.

SLØSING: Artikkelforfattaren kan ikkje forstå kvifor veg utanom Våtedalen er prioritert. – Skal ein sitje stille og la planlegginga og bygginga berre gå sin gang? spør han. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDreg ein frå Sunnfjord til Nordfjord passerer ein gjennom Våtedalen. Ingen, sjølv om ein er fødd og oppvaksen i fylket, kan køyre her utan kvar gong å la seg imponere av naturen. Midt i alt: elva med friskt smeltevatn frå Jostedalsbreen, grønfarga av ørsmå leirpartiklar frakta med vatnet frå inst i Stardalen.

Grøne, skuggelagde fjellsider der ein og annan bekk hiv seg hundretals meter i fritt fall nedetter svartskura berg.
Frå gammalt av, geiter og geitemøk i vegen. Ein dal som framleis er viktig og produktiv for jordbruket. Berekraftig, lenge før det blei eit nymotens ord. Grøn, før alle snakka om grønt skifte. Det mest vestlandske av alt i Sunnfjord og Nordfjord. Ein treng ikkje reise til Amerika for å sjå ein fullverdig canyon.

Regjeringa til Solberg er glad i å bruke pengar på veg. Vegbudsjetta har auka sterkt dei siste åra. Problemet er at for mykje pengar går til unødige prestisjeprosjekt. Rogfast og Ryfast er dei hittil verste no under bygging her på Vestlandet. Hordfast ligg i planane. Medan fylkesvegane er underfinansierte, formeleg kastar regjeringa pengar etter riksvegane sine.

Ny veg gjennom Våtedalen ligg inne i nasjonal transportplan med 1,3 milliardar kroner dei neste åra. Grunngjevinga er at vegen skal vere registrert med 5 snørasfarlege punkt. Lokalkjende ristar på hovudet av denne analysen. Det finst knapt ein bilist i Sogn og Fjordane som opplever rasfaren som overhengande. Vegen er etter vestnorsk standard langt over middels god. Lastebilnæringa, som ferdast på allslags utsette strekningar i landsdelen vår stiller seg undrande til kvifor nett denne vegen er prioritert fram. Geitebønder i Breim fortvilar over å skulle få øydelagt viktige jordbruksareal.

Fjordingar på begge sider av dalføret stiller seg etter kvart spørsmålet: skal ein sitje stille og la planlegginga og bygginga berre gå sin gang? Er ikkje dette eit naturområde som er unikt for fylket og jamvel landet? Vil ein verkeleg la vegbyråkratane i Oslo føre dette løpet til vegs ende og rasere dalen med den stille elva, dei flate sandbankane og den harmoniske heilskapen slik den ligg der i dag? Det finst faktisk pengar og budsjettmidlar ein bør takke nei til. For det er for seint når planane er banka gjennom i Stortinget og gravemaskinane går i gang. Det kan skje om berre 3–4 år.

Folkeaksjonen Nei til meir bompengar stoppar sløsing med offentlege pengar. Vi flytter samferdslemidlar til dit dei verkeleg trengst. Til dømes til Fv. 57 Dale og Fv. 609 Askvoll. Og framfor alt hindrar vi øydelegging av eineståande vestnorsk natur enten den no er truga av vindturbinar eller unødige vegprosjekt.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags