Sjå på faktiske løyvingar, ikkje fagre ord

SKAMROS: Samferdselsministrar og politiske parti kan gjerne skamrose innbyggarar i rasutsette kommunar og fylke for fantastisk innsats, som i Jølster. Men dei skjer  samtidig ned på veg- og rasmidlar i desse kommunane og fylka. Bildet er frå samferdslemininster Jon Georg Dale (midt på bildet) sitt besøk på Vassenden.

SKAMROS: Samferdselsministrar og politiske parti kan gjerne skamrose innbyggarar i rasutsette kommunar og fylke for fantastisk innsats, som i Jølster. Men dei skjer samtidig ned på veg- og rasmidlar i desse kommunane og fylka. Bildet er frå samferdslemininster Jon Georg Dale (midt på bildet) sitt besøk på Vassenden. Foto:

Av
DEL

Meiningar 

Har du to geiter, treng du ikkje tigge, heiter det i gamle Håvamål. No er det for lite geiter i fjellsidene. Slik at skogen veks til i bekkefara og aukar rasskadene, som i Jølster. Og både kommune og fylke må tigge meir om midlar til veg og rassikring.

Mindre trong for tigging – og gjerne fleire geiter og andre beitedyr – bør bli hovudtema i lokalvalkampen.

Samferdselsminister Dale rosar ifølge avisa Firda innsatsviljen i Jølster opp i skyene – men vil ikkje love auka midlar til veg- og raseførebygging. Som arbeidsgruppa for sikker fylkesveg mellom Førde og Askvoll som og var komne for å høyre ministeren hadde vona.

Arbeidsgruppa peika på nedskjering av ras- og vegmidlar. Det bør vere eit hovudfokus i lokalvalkampen i eit fylke som vårt: Nei til tigging

Vi må ikkje trenge stadig meir audmjukande tigging. Vi må få meir og ikkje mindre ordinære midlar på kommune- og fylkesbudsjetta til veg og rassikring.

Ved Forvaltningsreforma i 2010 vart mykje av riksvegnettet overført til fylka og omklassifisert til fylkesveg.

Opplysningsrådet for Veitrafikken fekk i fjor Vista Analyse til å fingranske utviklinga 2010–2018 (Rapport 2018/14 | Opplysningsrådet for Veitrafikken).

Ut frå faktiske løyvingar var konklusjonen at det verkelege målet med reforma var å auke kvalitetsforskjellen mellom riksvegar i bynære strok og fylkesvegar i byfjerne strok!

Rapporten viste – med unntak av fylka rundt Oslofjorden – eit stadig aukande etterslep.

Grunnane til aukande etterslep var at:

«Oppsummert finner vi at staten ikke har tilført tilstrekkelige midler til å opprettholde ønsket kvalitet på fylkesveinettet på lengre sikt.

Dette har sammenheng med at:

1. Ønsker og krav har en tendens til å øke over tid

2. Kostnadene ved å holde en gitt standard kan være undervurdert

3. Økende omfang av ekstremvær kan gi høyere drifts- og vedlikeholdskostnader»

Punkt 3 – manglande kompensasjons for auka omfang av ekstremvêr – gjorde at dei nedbør- og kraftrike fylka langs kysten kom dårlegare ut enn Austlandet. Høge fjell og fjordar gjev auka kostnader med bruer, kaier og tunnelar, i tillegg til aukande klimakostnader:

«Situasjonen ser ut til å være klart bedre på Østlandet enn i øvrige landsdeler ... Utviklingen på Vestlandet, i Trøndelag og Nord-Norge ser ut til å være klart svakere: ... Sammenliknet med øvrige fylker har fylkene på Vestlandet og i Nord-Norge en høyere andeler bruer, kaier og tunneler, dvs. konstruksjoner som er krevende å vedlikeholde.

Det har vært en langt større økning i bevilgningene til drift og vedlikehold av riksveger sammenliknet med bevilgningene til fylkesveier. Over tid vil derfor standardforskjellene mellom riks- og fylkesveger øke dersom denne trenden videreføres.»

Vista Analyse/Opplysningsrådet for veitrafikk seier rett ut i oppsummeringa i rapporten at føremålet med forvaltningsreformen «openbert» har vore å auke standarden på riksvegar i bynære strok. På bekostning av vegstandarden elles i landet.

Slik at standardforskjellen skal bli større enn før reforma i 2010 – men at dette ikkje har vore «tydelig kommunisert»!

Nei – kva politikar og parti har vel ryggrad og mot til å seie det rett inn i ei kameralinse i eit val?:

«Forskjellene mellom overføringene tiltenkt fylkesveiformål og bevilgninger til riksvegformål er så stor at det framstår som openbert at Forvaltningsreformen ikke er fulgt opp med tilstrekkelige midler og/eller at det ikke har vært tydelig kommunisert at en hensikt med overføring av ansvaret fra Staten til fylkeskommunene var å differensiere standard mellom de viktigste og mindre viktige veier i større grad enn hva som var tilfellet før reformen», heiter det i konklusjonen

Er alle parti sentral- og Oslo-styrte? Og har så mykje «svin» på skogen at våre lokale kommune- og fylkesrepresentantar verken vågar erkjenne denne utviklinga, eller ta til orde (anna enn med kraftlause musepip) for å snu den? At dei ikkje vågar kritisere sentralleiinga i eige parti, men set omsynet til Partiet framfor liv og helse til sine eigne lokale veljarar?

I lys av dei siste dagars ekstremnedbør og ras her i området med tap av menneskeliv – på toppen av mange større nedbørs- og rashendingar siste åra – bør vi følge nøyare med på partia sine karakterbøker og målsetjingar på dette området no i lokalvalkampen.

Sjå på faktiske løyvingar og ikkje fagre ord.

Samferdselsministrar og politiske parti kan gjerne skamrose innbyggarar i rasutsette kommunar og fylke for fantastisk innsats, som i Jølster. Men dei ministrar og parti som berre rosar og samtidig skjer ned på veg- og rasmidlar i desse kommunane og fylka. Og overfører midlane til sine eigne klimatrygge byområde og riksvegane rundt dei største byane, utan å «kommunisere det tydeleg», som Vista Analyse formulerer det.

Dei ministrane og partia bør ikkje overleve dei komande vala!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags