DEBATT: Regionreforma – ei kollektivreform?

Mariel Eikeset Koren er småbarnsmor og aktiv politikar

Mariel Eikeset Koren er småbarnsmor og aktiv politikar Foto:

Av
DEL

LesarbrevFørre helg var eg på møte i Bergen. Dette tok meg til saman elleve timar med buss og tre dagar vekke heimanfrå for eit møte som varte i sju timar.

«Ein rikare kvardag, midt i verda», heiter det i posisjonen som Gloppen kommune har teke i sin nye samfunnsplan. Det nye storfylket har diverre berre skapt enno fleire utkantar og usentrale strok, og gjer at vi som bur i distriktet no kjenner oss enno mindre som verdas midtpunkt. Og etter å ha lagt ut for bussturen til Bergen kjenner eg meg ikkje særleg rik heller.

Eg er trebarnsmor og busett i Gloppen. Eg er aktiv i politikken lokalt og på fylkesnivå i Miljøpartiet Dei Grøne. Skal eg på møte i Bergen på ein laurdag må eg reise fredag ettermiddag og heim søndag føremiddag. Med meg skal eg ha ein baby, vår bagasje og ei barnevogn. Dei som er att heime må ha bilen. Å fly freistar eg å unngå, og det er heller ikkje eit alternativ sidan einvegsbillett heim frå Bergen den dagen kostar meg 1800 kroner og reisa vil ta heile dagen.

Så å reise med bussen er einaste alternativ, og sjølv med ekspressbussen så tek det så lang tid at eg må overnatte i begge endar av møtet for å rekke det. Til saman kjem eg altså til å bruke 11 timar på buss og tre dagar vekke for eit møte som varer i sju timar. Reisa åleine kostar til saman drygt 1300 kroner.

Dette er eg ikkje åleine om, og for mange er det enno vanskelegare å kome seg frå A til B. Både buss- og båttilbodet innad i og mellom fylka våre er som eit hólete lappeteppe for dei som orkar å ta seg bryet. Dette kan føre til at dei av oss som har lang og vanskeleg reise ikkje orkar å engasjere seg, noko som kan føre til eit problem for demokratiet. Dei som i dag nyttar kollektivtilbodet er også gjerne dei med lågare inntekt, som studentar, eldre og innvandrarar, men prisnivået er diverre ikkje tilrettelagt desse. I tillegg opplever folk at dei store avstandane gjer at det er langt til makta. Men mest av alt er det eit miljøproblem! Når regionreforma skaper desse avstandane utan at kollektivtilbodet følger etter, så vil privatbilismen måtte auke. Her må politikarane i det nye fylkestinget vere på hogget, setje i gong tiltak og verte gjort merksame på problemet allereie før vi slår oss saman!

Møtet eg var på var programmøtet til MDG Vestland, og her vedtok vi eit valprogram som går sterkt inn for utbetring av kollektivtilbodet i Vestland. Miljøpartiet Dei Grøne vil ha få fleire og betre ekspressbussruter, og ekspressbåtruter med fleire korresponderande lokalbussruter, og desse bør aller helst vere elektriske. Prisane må vere innanfor eit nivå som alle kan klare, og det må også vere enkelt å finne ruteopplysingar og å kjøpe billett. Vi vil gjere det naturleg og mogleg å velje kollektivt på lik linje med fly eller privatbil, og vi vonar fleire parti vil vere med på dette, for noko lyt gjerast no dersom vi ikkje skal måtte køyre oss sjølve og miljøet vårt i hel med den komande samanslåinga!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags