Bompengar er god, grøn politikk

Sigrid Moltumyr, miljøengasjert skuleelev

Sigrid Moltumyr, miljøengasjert skuleelev Foto:

Av
DEL

LesarbrevDet finnast to typar bomringar. Den eine typen settast opp for å finansiere blåblå motorvegprosjekt som ikkje trengst og som gjer at utsleppa våre aukar. Dei Grønne er det parti et som stemmer mot flest slike bompengefinansierte vegprosjekt på Stortinget.

Den andre typen settast opp for å redusere biltrafikken inn mot byane og samtidig finansiere den kollektivtrafikken og dei sykkelvegane som skal erstatte den forureinande trafikken. Denne typen bompengar er god og nødvendig grøn politikk, og bidrar til å kutte klimagassutslepp, gjere lufta betre og minske presset på overstappa byar.

Det blir hevda at bompengar er usosialt. Sanninga er at det er mykje meir usosialt å fjerne bompengane. Det er usosialt å seie nei til klimatiltak, for vi veit at klimakrisa rammar dei fattigaste hardast. Det er usosialt å seie nei til å fikse bylufta, for vi veit at helseskadeleg luft rammar dei fattigaste hardast. Det er usosialt å føre ein politikk som tvingar alle familiar å investere i dyre bilar. Dei fattigaste har ikkje bil og er avhengig av eit godt kollektiv- og sykkeltilbod. Det er verdt å minne om at det for det meste er relativt rike menn som passerer bomringane, og at det er dei same mennene som sutrar.

Bompengeopprøret er tåpeleg sutring. Lytt heller til oss unge i klimaopprøret og stem på Miljøpartiet Dei Grønne i haustens val. Vi er dei einaste som med stoltheit seier det som det er: Det er klart vi skal ha bompengar!


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags