Parkering i Førde sentrum

TYDELEG: Frå NAF Fjordane og Ytre Sogn si side vil vi tilrå at ein får med seg dei næringsdrivande/grunneigarane i å sette opp tydelege skilt og merke parkeringsareala på ein tydeleg måte, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå Førde sentrum sør.

TYDELEG: Frå NAF Fjordane og Ytre Sogn si side vil vi tilrå at ein får med seg dei næringsdrivande/grunneigarane i å sette opp tydelege skilt og merke parkeringsareala på ein tydeleg måte, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå Førde sentrum sør. Foto:

Av
DEL

LesarbrevI den siste tida har debatten om parkeringa i Førde sentrum sør blussa opp att. Problema er mykje dei same som før. Det er ikkje umogeleg å finne parkeringsplass, men for skuld aukande trafikk vert det litt verre for kvar dag.

Korttidsparkering er her ei utfordring synest det som. På Førde Sentralsjukehus har ein løyst dette ver hjelp av teknologi i form at sensorar i bakken som dei innleige parkeringsvaktene kan lese av ved hjelp av datateknologi og stikkprøver.

I november arrangerte vi i NAF eit parkeringsmøte i Førdehuset, der vi hadde med Lars Monsen frå Norpark, Norges Parkeringsforening. Norpark er ein bransjeforeining for kommunar og private føretak som driv med parkeringsrelatert verksemd. I forkant av møtet hadde vi synfaring i heile Førde-området for å sjå på parkeringstilhøva. Konklusjonen etter denne synfaringa er at Førde har store parkeringsområde, god plass dei fleste stader og mange grunneigarar og leigetakarar med parkeringsareal. Samstundes registrerte vi at tilhøva i sentrum sør var dei mest utfordrande.

Leif Bell

Leif Bell Foto:

Når det gjeld spørsmålet om innføring av parkeringsavgift synest det som om meiningane er delte. Særleg på grunn av at det allereie er bompengar i området. Ovannemnde Monsen frå NORPARK åtvara mot at ei handheving av ei mogeleg parkeringsavgift vert fordelt av på mange parkeringsselskap. Vi kan spissformulere det slik at det skal vere gratis å parkere i Førde, men det er ikkje gratis å feilparkere.

Etter det vi forstår av dei folkevalde i Førde skal heile sakskomplekset utgreiast fram mot eit møte i Førde bystyre 20. juni d.å. No gjeld det å utnytte tida framover på beste måte.

Frå NAF Fjordane og Ytre Sogn si side vil vi tilrå at ein får med seg dei næringsdrivande/grunneigarane i å sette opp tydelege skilt og merke parkeringsareala på ein tydeleg måte. Vi i NAF har merka oss at det er rikeleg parkeringsareal i Kronborgområdet. Kva med ein shuttelbuss Kronborg -sentrum sør – Sentrum nord – FSS?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags