Slutt å snakke ned flyplassar i Sogn og Fjordane!

VERDISKAPING: Kortbanenettet var bygt for å tene folk og næringsliv og skape vekst og verdiskaping i distrikts-Norge, skriv artikkelforfattaren.

VERDISKAPING: Kortbanenettet var bygt for å tene folk og næringsliv og skape vekst og verdiskaping i distrikts-Norge, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Meiningar 

Flyplassar er ein svært viktig del av vår infrastruktur. Og som det står i Leiaren i Firda den 22. mai 2019 har vi fire flyplassar i fylket vårt fordi vi treng dei alle.

Førde er regionsenter i Sogn og Fjordane. Førde er den største byen mellom Bergen og Ålesund, og har ein sterk og viktig posisjon i nye Vestland fylke. Sunnfjord kommune har nær 22.000 innbyggjarar og Førde by har vertskapsrolle for private – og offentlege verksemder, ulike utdanningsinstitusjonar og har eit rikt kulturliv.

Førde Lufthamn Bringeland har eit stort nedslagsfelt med passasjerar til og frå Sunnfjord, HAFS-region og kommunane langs Sognefjorden sør for flyplassen. Om lag 1/3 av dei som bur i Sogn og Fjordane brukar denne flyplassen i arbeid og fritid. Bringeland er faktisk heilt essensiell for mange menneske som lever og arbeidar her. Dei andre tre flyplassane er også viktige for regionane sine.

Kortbanenettet var bygt for å tene folk og næringsliv og skape vekst og verdiskaping i Distrikts-Norge. I tider kor vi snakkar om berekraftige samfunn, utvikling av arbeidsplassar og tilflytting er det spesielt viktig at vi kan sikre gode og raske reisevegar til og frå Sogn og Fjordane. Hyppige flyavgangar ved dei fire flyplassane gagnar alle betre enn nokre få daglege avgangar ved ein eller to flyplassar. Vi ønskjer alle å vere mobile i forhold til arbeid og fritid.

Spanande er det også om Bringeland kan ta ein rolle som pilotlufthamn innanfor grøn teknologi. Widerøe seier at heile flyflåten deira kan vere elektrifisert innan 2030. Dei satsar på ny flypark med mindre elektrifiserte fly som kan møte framtida sitt behov. Slik eg ser det trur eg tilbodet med mindre fly vil gje fleire avgangar og betre fleksibilitet for deg og meg. Eg heiar altså på alle dei fire flyplassane i fylket vår.»

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags