DEBATT: Hollywood eller museum?

BETRE: Det er då mange nedlagde tunnelar i landet som må høve mykje betre til filminnspeling enn ein av hovudvegane til fylket. Ikkje minst til ein «katastrofefilm», om det er det som er målet til Norsk filmindustri, skriv artikkelforfattaren. Foto: Firdatipsar

BETRE: Det er då mange nedlagde tunnelar i landet som må høve mykje betre til filminnspeling enn ein av hovudvegane til fylket. Ikkje minst til ein «katastrofefilm», om det er det som er målet til Norsk filmindustri, skriv artikkelforfattaren. Foto: Firdatipsar

Av
DEL

LesarbrevFor nokre dagar sidan tok vi turen mellom Trondheim og Nordfjord. Å passere to fjellovergangar på vinterstid er som regel ingen spøk. Men etter seks timars køyring nådde vi endeleg slutten av Strynefjellet, og med glede kunne vi konstatere at turen hadde gått utan snøras, snøstorm eller stengde vegar.

Men så; i opninga av den første tunnelen fekk vi auge på det svingande raude skiltet. Vel, då var det ras i «Grasdalen» likevel, – tenkte vi. Klokka var åtte på kvelden, og vi såg føre oss ei natt med nisteboks og litt kaffi på termosen. Men den blide «lyssvingaren» kunne fortelje oss noko heilt anna! Vegen var stengt på grunn av «filminnspeling»! Etter seks timars køyring klokka åtte om kvelden er ein vel ikkje akkurat budd på noko som i beste fall kunne kallast ein «god spøk».

Men meldinga var ekte nok. Og var for meg like overraskande som utruleg på ein av dei to viktigaste fjellovergangane mellom aust og vest. Men her var det altså ikkje noko anna å gjere enn å vente. Ikkje så lenge rett nok. Men lenge nok til å undrast, og ikkje minst bli temmeleg «forarga»!

Her har ein altså betalt skatt og bilavgifter i ein mannsalder. Vegen vi køyrer på er ikkje betalt berre ein gong av bileigarar men to eller tre gonger. Og mange grunneigarar har enda til gjeve fri grunn for å få vegutløysing til bygda. For å vere ærleg. Det er då mange nedlagde tunnelar i landet som må høve mykje betre til filminnspeling enn ein av hovudvegane til fylket. Ikkje minst til ein «katastrofefilm», om det er det som er målet til Norsk filmindustri!

Og ein undrast? Skal Sogn og Fjordane verte det nye Hollywood? Neppe! Arnold Schwarzenegger og co. vil nok ikkje finne seg til rette i dette fylket. Til det er avstanden mellom pubbane alt for stor!

Men museum? Ja det er kanskje ein betre idé? Om nokre månader skal fylket avviklast, og «styringa» skal igjen leggast til Bergen, slik det var for 50 år sidan.

Nei, eg trur sanneleg det snart er på tide å gå på leit etter fjellgarden til Trygve Slagsvold Vedum.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags