Hurra for handlekrafta til Gloppen-ordførar Gloppestad

HANDLEKRAFT: Artikkelforfattaren meiner Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad viser handlekraft sluttar av forhandlingane med Vegvesenet i Sogn og Fjordane og har bestilt møte med både samferdsledepartementet og landbruksdepartementet, for å få fram ei fornuftig løysing. Bildet er frå eit folkemøte om ny E39.trase der Gloppestad sit nærmast.

HANDLEKRAFT: Artikkelforfattaren meiner Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad viser handlekraft sluttar av forhandlingane med Vegvesenet i Sogn og Fjordane og har bestilt møte med både samferdsledepartementet og landbruksdepartementet, for å få fram ei fornuftig løysing. Bildet er frå eit folkemøte om ny E39.trase der Gloppestad sit nærmast. Foto:

Av
DEL

LesarbrevI Gloppen vil Statens vegvesen bygge ein ny veg som vil bandlegge ei breidde på 12 meter på Byrkjelo, tvers gjennom noko med det beste jordbruksområdet som finnst her i distriktet. Dette trass i stor motstand frå folket og politikarane i kommunen. Breimningane seier vi har ikkje trong for noko høgre standard enn det som er bygt på Jølster, strekninga Bjørset – Skei. Og det må vere fornuftig tankegang. Men nei Statens vegvesen skal ha den planlagde standarden for å ta i mot framtidig trafikkauke.

Frå Bergheim til Byrkjelo ryk det med 100 mål feit og god matjord. Blir same vegstandarden ført vidare mot Våtedalen, ryk det ytterlegare ca. 400 – 500 mål. Dette er framferda til Vegvesenet i Sogn og Fjordane. Matproduksjon er den viktigaste ressursen vår i framtida. Ikkje minst i ei verd der ca. ein milliard menneske ikkje får ete seg mette kvar dag.

Leidulf Gloppestad (SP) ordførar i Gloppen har hatt møte med regionsjef i Statens vegvesen, Tone Oppedal. Men dei er bundne av bestillinga frå samferdsledepartementet om korleis ferjefri E39 skal byggast. Viss dei skal planlegge annleis må det komme ei ny bestilling frå departementet. Det er tydeleg tiltak i ordførar Gloppestad. Han sluttar av forhandlingane med Vegvesenet i Sogn og Fjordane og har bestilt møte med både samferdsledepartementet og landbruksdepartementet, for å få fram ei fornuftig løysing. Hurra for ordførar Gloppestad.

Men så er det inne ein søknad om å få lagt eit gangfelt ved Bakar Jon på Byrkjelo, for dei mjuke trafikantar, trafikksikkerheit med å kryssa vegen. Her har Ingemar Sårheim skreve eit godt ope brev til Vegvesenet som brukar av rullestol og ferdast denne vegen ofte. Men då er det eit nei frå Vegvesenet, mellom anna begrunnelse at det er så liten trafikk og oversiktig veg at gangfelt trengst ikkje. Nei det må helst skje ei ulukke før noko vert gjort. Her må no vere noko som skurrar; fire felts veg på Byrkjelo for stor trafikk inn i framtida. For liten trafikk til å bygge eit enkelt gangfelt på Byrkjelo. Ja Vegvesenet (og vår herre) sine vegar er uransakelege. Eg ber Vegvesenet etterkome oppmodinga frå Ingemar Sårheim å vurdere denne saka på nytt å lytte til lokalbefolkninga. Om ikkje det skjer, så kan ein slå fast at: Statens vegvesen er ein arrogant etat, som tek berre hensyn til det dei sjølve meinar er rett.

Så må eg stille spørsmålet til regionsjef i Statens vegvesen Tone Oppedal: Når de har fått denne bestillinga på brei veg dimmensjoner for midtskillar på Byrkjelo for framtidig ferjefri E39. Kva slags bestilling har de liggande inne frå departementet, på ein annan del av E39, nemnleg traseen gjennom Førde og Halbrendslia ?. All trafikk slusa gjennom sentrum i Førde og Halbredslia med alle sine svingar, krokar og stigningar. Dette er no same E39 som de må ha fire felts veg på Byrkjelo for å ta unna trafikken. Førde har no alt i dag noko meir trafikk enn Byrkjelo. No ventar eg på eit godt svar frå regionsjefen.

Så eit spørsmål til ordførar Olve Grotle (H) i Førde. Du har vore ordførar i åtte år og har hovedansvaret for vegplanane og Førdepakken i Førde. Har du teke fatt i problema og gjort noko for å få den rette bestillinga av Samfersledepartementet med ferjefri E39, å få lagt denne ut om Førde sentrum. Kanskje du kunne gjort som ordførar Leidulf Gloppestad og teke steget opp å forhandla med departementet, i staden for å la Vegvesenet i Sogn og Fjordane styre vegballetten i Førde inn i eit forelda system. Eg ventar og på svar i frå ordførar Grotle.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags