Tida er overmoden for å gjere ord om til handling

SMALT: I dag er det ganske triveleg å køyre strekninga frå Bergen til Storebru med tilfredsstillande vegbreidde og gul midtstripe. Men så kjem krisa så snart ein tar av mot Hyen på fylkesveg 615, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå Hopsstranda.

SMALT: I dag er det ganske triveleg å køyre strekninga frå Bergen til Storebru med tilfredsstillande vegbreidde og gul midtstripe. Men så kjem krisa så snart ein tar av mot Hyen på fylkesveg 615, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå Hopsstranda. Foto:

Av
DEL

Meiningar

Sidan slutten av 80-talet har eg saman med familien køyrt ganske hyppig vegstrekninga mellom Hyen og Bergen. På den tida var vegstandarden jamt over dårleg på store deler av dette vegsambandet.

Men jamt og trutt har det pågått store og små vegprosjekt for å få oppgradert vegstandarden til dagens nivå. Parsellar som: Romarheim, Matre, Instefjord-Oppedal, Lavik-Vadheim, utsette strekningar mellom Vadheim og Langeland, Sunnfjordtunnelen, Storebru-Florø.

Oppgradering av desse vegstrekningane har korta ned reisetida mellom Hyen og Bergen med bort i mot ein time mindre enn for tretti år sidan. Eit viktig bidrag er også oppdatering av ferjekaiene med hyppigare ferjeavgangar.

I dag er det ganske triveleg å køyre strekninga frå Bergen til Storebru med tilfredsstillande vegbreidde og gul midtstripe. Men så kjem krisa så snart ein tar av mot Hyen på fylkesveg 615. Eg tenkjer på det kvar gong eg skal til Hyen, og fattar ikkje at dette er mogeleg i moderne tid.

Dei fleste land i Afrika er utrusta med betre vegstandard enn det vegstyresmaktene tilbyr trafikantane i dette distriktet. Vegen er så smal, svingete og med dårleg dekke at bilførarane som køyrer denne vegen må ha ekstraordinære køyreferdigheiter og ekstra sterke nærvar.

Av det eg kan finne ut er vegen mellom Hyen og Storebru bygd etappevis sidan byrjinga av 1900-talet. Første delen med kjerrevegstandard og siste strekningane opp mot traktor/bil standard. Siste etappen, Løkkebøstranda til Storebru på slutten av 60-talet.

Sidan den gong har det skjedd ingenting, ingenting, bortsett frå to nye stikkrenner og ein felås. I tillegg vart vegen på syttitalet utstyrt med fast dekke av oljegrus, dette var den gong ein revolusjon.

Tilstanden på denne vegen er godt greia ut, og tiltaka er nøye beskrivne med tilhøyrande kostnadskalkylar i siste rapport frå 2013. Så langt er det blitt berre preik og rapportar opp og ned i mente, med prioriteringar i nasjonal transportplan og regional transportplan.

Status er at ikkje ein einaste sving er retta ut, ikkje ei ny avkøyring er etablert, ikkje ein ny møteplass. Det første vegstykket frå Straume til Heimsæter som no er trafikert av bilar, lastebilar, trailerar og skulebussar er dimensjonert for hest med kjerre eller slede. Trafikktryggleiken seier seg sjølv.

Tida er overmoden for å gjere ord om til handling. Kva med å byrje med å rette ut ein sving, eller utbetre eit smalt parti? Kanskje ein sving kvart år, kan vel ikkje koste allverda?

Mitt bodskap er at litt er betre enn ingenting, for ingenting har det vore i 50 år! Hyen som ei bygd med stor verdiskaping fortener at ansvarlege politikarar og byråkratar er sitt ansvar bevist, og syter for at vegsambandet Storebru-Hyen blir prioritert.

Viser til tal på verdiskaping med 845 mill. pr. år fordelt på 450 innbyggjarar. Med så dårleg infrastruktur innan samferdsle er dette veldig hemmande for utviklinga i ei bygd som Hyen. Spesielt for å få tilstrekkeleg tilgang til arbeidskraft til dei store bedriftene som treng høg teknologisk kompetanse.

Skal vi halde oppe busetnad i distrikta, og som mange politikarar framheva i valkampen «ta i bruk heile Noreg», er ikkje vegstandard ala fv. 615 godt nok.

Hallo de som steller med dette fagfeltet, er det nokon heime, skjer det noko?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags