Vegen gjennom Bygstad – tunnel frå Osen

To forslag: Lyseblå strek er kommunen sitt forslag med bru over Svesundet (A1+B1+C4), 640+70 = 710 millionar kroner. Mørkeblå strek er alternativt forslag med tunnel i Osen, tilnærma 700 millionar kroner, skriv Sveinung Furnes.

To forslag: Lyseblå strek er kommunen sitt forslag med bru over Svesundet (A1+B1+C4), 640+70 = 710 millionar kroner. Mørkeblå strek er alternativt forslag med tunnel i Osen, tilnærma 700 millionar kroner, skriv Sveinung Furnes.

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeiningarAlternativ val av hovudtrasé for fylkesveg 57 gjennom Bygstad frå Helle til Perhaugen er utgreia i lesarinnlegg i Firda frå 8. februar i år.

Nedanfor kjem ei kort oppsummering av alternativ hovudtrasé om Osen bru med tunnel mot Bygstad skule (det er her lagt inn kostnad for kvar delstrekning der dette er tilgjengeleg, og grovt skissert der dette manglar). Nummer under svarar til nummer på kart:

1. Båtevik – Lendinga: Totalt 1,58 km med 700 meter lang tunnel. 145 millionar kroner (SVV-rapport, 2011). 20 prosent prisauke svarer til 174 millionar kroner.

2. Lendinga – Osen Vest: Totalt 2,14 km 67 millionar kroner (SVV-rapport, 2011). 20 prosent prisauke svarer til 80 millionar kroner.

3. Osen Vest–Osen Nord: Omfattar ny bru over Osfossen. Berekninga av denne delen inngår i talgrunnlaget for SVV-rapport (2011) som såg på oppgradering av vegen om Åse, pris ikkje offentleggjort. Antar 50 millionar kroner.

4. Tunnel Osen–Lona, cirka 800 meter. Kortast mogleg tunnel som stettar krav om maks 5 prosent stigning. Omtrent 150 millionar kroner? (ref. grunnlagstal frå Norconsult-rapport–120.000 kr/m ferdig tunnel. Lagt på 50 prosent på topp).

5. Oppkopling mot C2-trasé, her kan det vere fornuftig å opprette ei rundkøyring mot Bygstad sentrum i staden for normalt kryss. Deretter kan vegen stige maks 8 prosent: 30 millionar kroner?

6. Lona–Vasslia: 86 millionar kroner (Norconsult-rapport, 2017, alternativ F2-1)

7. Vasslia–Perhaugen: 113 millionar kroner (Norconsult-rapport, 2017, alternativ G2-1)

8. Oppkopling mot Bygstad skule: 10 millionar kroner?

9. Oppkopling på Hjelmeland, inkludert bru: 10 millionar kroner?

Oppsummert: 174 + 80 + 50 + 150 + 30 + 86 + 113 + 10 + 10 = 703, det vil seie tilnærma 700 millionar kroner.

Av denne summen går tilnærma 300 millionar kroner med til å oppgradere eksisterande veg mellom Båtevik og Osen Nord, altså er prisen mellom Osen Nord og Perhaugen tilnærma 400 millionar kroner. Vert dette samanlikna med vegtraseen som ligg inne i Gaular kommune sin kommunedelplan for Bygstad så er den rekna med ein basispris på 640 millionar kroner mellom Båtevika og Perhaugen (alternativ A1, B1 og C1, ref Norconsult-rapport). Endeleg trasé er ikkje valt av kommunen, men per i dag ligg det inne to dispensasjonssøknader til Statens vegvesen som vil kunne gi ytterlegare prisauke samanlikna med basisalternativet.

Notat frå Norconsult datert 2. februar 2018 viser at eit C4-alternativ med kort og bratt tunnel frå gravplassen på Eida og gjennom Eiaåsen blir cirka 70 millionar kroner dyrare enn C1-alternativet. Dette alternativet føreset at ein får gjennomslag for dispensasjonssøknaden til Statens vegvesen om å fråvike krav om maksimalt 5 prosent stigning i tunnel (ønsker tunnel med 8 prosent).

Det er også søkt om dispensasjon frå regelen om at det ikkje er lov med rundkøyring inne i tunnel (på sørsida av Svesundet). Dersom denne blir godkjent vil prisen på kommunen sin anbefalte løysing auke ytterlegare.

Val av hovudtrasé: «Bru over Svesundet» versus «Tunnel frå Osen til Lona»:

Ser ein på det økonomiske perspektivet så får ein mykje meir veg for pengane ved å velje alternativet med tunnel frå Osen til Lona. Kostnaden for totalprosjektet vil mest sannsynleg bli lågare samanlikna med å velje hovudtrasé med bru over Svesundet. Samstundes får ein då utbetra vegen mellom Båtevika og Osen bru, inkludert ny bru i Osen.

Ser ein på dei miljøtema som er omtala i rapporten frå Norconsult så vil alternativet med tunnel frå Osen til Lona mest sannsynleg få betydeleg betre score enn alternativa med bru over Svesundet. Desse områda har blitt vurdert av Norconsult i Silingsrapporten–Landskap, Kulturminne og kulturmiljø, Naturmangfald, Nærmiljø og friluftsliv, Naturressursar.

Foreløpig ser det ut som at alternativet med tunnel frå Osen til Lona blir cirka 1,7 km lengre enn med bru over Svesundet (for aksen mellom Dale og Storehaug). Dette svarar til i 80-sone cirka 1 minutt og 20 sekund lengre pendlarveg mellom Dale og Førde.

Følgande forslag bør takast med for å sørge for best mogleg trafikkavvikling samt trygg veg i sentrum av Bygstad:

Utbetring av vegen mellom Vikja og Bygstad skule, kombinert med gang- og sykkelveg der dette er tenleg (minimum mellom Samfunnshuset og Bygstad skule).

Ny lokal veg over Kvamme mot gamleskulen (sjå forslag på kart), posisjon 10. Cirka 700 meter ny veg vil gje ein sikrare og raskare veg enn i dag for dei som kjem frå vestsida av Bygstad og skal mot Førde/Sande/Dale eller Bygstad sentrum.

I tillegg vil eg anbefale å prioritere følgande, både med tanke på tryggleik for mjuke trafikantar samt sørge for ein rask og effektiv veg gjennom Bygstad som kan ha 80-sone i praksis heile vegen:

Gang- og sykkelveg mellom Bjørvikstranda og Båtevika, cirka 3,6 km. I dag er det 60 sone i cirka 3 km. Reetablerast 80-sone her så vil dette tilsvare 45 sekund raskare veg for pendlarane (eller tilsvarande 1 km kortare veg i ein 80-sone).

Gang- og sykkelveg mellom Lendinga og Osen bru, cirka 2,5 km. Blir denne etablert så får ein i praksis gang- og sykkelveg heile vegen frå Bjørvikstranda til Vikja (via Saltkjelen).

Gang- og sykkelveg mellom Perhaugen og Storehaug, cirka 3 km. I dette området er det fleire bustadfelt og tilflyttinga er forventa å auke betydeleg framover med mange ledige tomter i Espelandsfeltet og moglegvis nye byggefelt på sikt.

Dersom ein vel å gå for den alternative hovudtraseen som går via tunnel i Osen og samstundes tar inn tiltaka som er nemnt over vil ein få ein rask og effektiv ny fylkesveg 57 gjennom Bygstad, samstundes som ein tek omsyn til lokale behov og bumiljø i Bygstad-området. Dette gir mykje meir verdi totalt sett for prosjektet enn å vurdere lengre tunnelar.

Oppsummert: Det overordna målet med oppgradering av sambandet på fylkesveg 57 mellom Dale og Storehaug kan ikkje vere at det skal vere optimalt berre for ei gruppe brukarar. Målet bør vere at det skal vere best mogleg for flest mogleg brukarar, samstundes som ein tek omsyn til både prosjektkostnad og miljø. Alternativet med tunnel frå Osen vil gje det beste totalprosjektet når ein ser alle faktorar opp mot kvarandre.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags