Dramatisk om prinsipp for bompengefinansiering av utbetring av Fv 57

Helge Njøsen

Helge Njøsen

Av
DEL

Lesarbrev3. og 11. mai skriv Firda om førehandsvurderinga frå Statens vegvesen av 12.04.2019 om bompengefinansiering av Fv 57 Dale - Storehaug. Men av ein eller annan grunn er det mest dramatiske punktet for oss som bur i Bygstad, utelete.

I fylgjeskrivet frå Statens vegvesen til Gaular og Fjaler kommune står det nemleg: «Vi ber om at det vert fatta prisippvedtak i tråd med tilråding i førehandsvurderinga.»

Og førehandsvurderinga vert avslutta med fylgjande:

«Dersom kommunane og fylkeskommunen ynskjer å få utarbeidd eit fagleg grunnlag for bompengesak til Stortinget, ber Statens vegvesen om at det fattast eit av følgjande vedtak:

1. Tovegs innkrevjing i ein eller to bomstasjonar plassert på fv. 57 med bompengetakstar på nærare 60 kr og stenging av fv. 610 mellom Osen – Sande.

2. Tovegs innkrevjing i ein eller to bomstasjonar plassert på fv. 57 med bomtakstar på nærare 60 kr, i tillegg til bomstasjon på omkøyringsvegen fv. 610 mellom Osen – Sande.»

Dette tyder at absolutt alle som bur i Bygstad kyrkjesokn nedanfor ein bom i området Bringeland - Storehaug, må betale 60 kr for å kome seg ut frå bygda og 60 kr for å kome heim att!

Og dermed er debatten om bru over Svesundet lagt død?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags