Gå til sidens hovedinnhold

Trygge vegar for mjuke trafikkantar

Artikkelen er over 4 år gammel

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

For første gang blir det laga ein eigen «Barnas transportplan». Det betyr eit løft for barn og unge sin trafikktryggleik.

Tanken om ein trasportplan på dei yngste sine premiss har blitt løfta av KrF fleire gangar denne sortingsperioden. Dette har vore eit viktig krav fordi vi til no ikkje har klart å få samferdsselsutbyggingane gjort ut frå dei minste trafikantane sine behov.

No skal omsynet til barn og unge sterkare inn i samfunnsplanlegginga. «Barnas transportplan» blir lagt fram som eit kapittel i den store nasjonale tranportplanen, og skal i likhet med den rullerast kvart fjerde år. Planen skal vise korleis transportsystemet kan ivareta dei mjuke trafikantane på ein betre måte.

Eit samfunn som er bra for barna er bra for alle. Trygg oppvekst krev at vi har trygge vegar, særleg i eit fylke som vårt. I dag ferdast born, syklistar, rullestolbrukarar og barnevognar mange stadar i samme køyrefelt som tungtrafikk, bilar og traktorar.

KrF sitt gjennomslag betyr at transportetane no har fått i oppdrag å involvere og ta omsyn til barn og unge når transportsystemet skal planleggast og ny infrastruktur byggast. Kunnskap om trafikktryggleik skal sterkare inn i skule og barnehage. Eit overordna mål er og at fleire barn og unge skal kunne velge å gå eller sykle til skulen.

Kommentarer til denne saken