Ja, vi treng eit vegopprør

Buss feia av vegen av fonnvind i Våtedalen.

Buss feia av vegen av fonnvind i Våtedalen. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.I den siste tida har det vore ein debatt i avisene om rassikring, veg og Nasjonal transportplan (NTP), seinast nyleg i Firda eit glimrande innlegg av Rikard Solheim, og tidlegare gode innlegg av Idar Mo, Magnar Hellebust og Flora-ordførar Ola Teigen med fleire.

Først til ordførar Ola Teigen. Det er flott at du som ordførar står hardt på for å få sikra den rasfarlege rv. 5, men kvifor sette dette oppimot sikring av vegane i Kjøsnesfjorden, Skjersura og Våtedalen, det same gjer Magnar Hellebust i eit innlegg i Firda, han nemnde ikkje Skjersura. Her gjer de etter mitt syn heilt feil med å sette strekningar opp i mot kvar andre, i staden for å kjempe i lag for å få opp løyvingane.

Kjøsnesfjorden og Skjersura er velkjende for rasa og i nyare tid, men Våtedalen som fleire meiner ikkje er rasfarleg har og hatt snøras der det har vore nære på at det kunne gått svært gale. Eg minner om rutebussen som blei hivd av vegen for nokre år sidan og personbilen no i vinter som fekk knust bakruta, i begge desse tilfella var det fonnvinden som tok tak.

Sjølv har eg vore med på å grave fram ein person frå snøskred i Våtedalen, vedkommande stod å venta på at vi skulle bli ferdige å rydde snøraset, då raset kom på nytt å begrave vedkommande. Eg har og vore med på å rydda opp etter ras, der fonnvinden av eit ras slo ned ti telefon stoppar, eg meiner dei rekna at det var ca. 60 meter mellom kvar stolpe, då skjønar ein kva krefter og i kva bredde desse snørasa har. Dette er ein del år sidan, men vegen ligg omtrent på same plassen framleis og sjølv om dei siste åra har vore ein del mindre rasaktivitet, så vil nok dette komme igjen. Eg har målt strekninga i dag, der er 3,5 km med rasfare, meste delen av strekninga der er vegen utsett for svære ras frå begge sider.

Eg er einig med Magnar Hellebust i at tunnelen i Kjøsnesfjorden burde gå til Bolset-området og at NTB er eit trist kapittel for Sogn og Fjordane. Bortsett frå Bjørset-Skei er her i realiteten ingen ting eller svært lite som skal byggast eller planleggast. Som du seier planane forbi Vadheim er vel klare og burde vel kunne startast opp no, planarbeidet på Myrmel og Langeland–Bruland og planane med tunnel under Utvikfjellet burde vi vel ha forventningar til å kunne få planleggingsmidlar til, men nei.

Likeins burde flaskehalsane i Breimsfjellet fått midlar, det er fleire ein meg som undrast korleis det prosjektet er komme over milliarden, er det her ein tanke frå dei som streka i mot dette prosjektet å få det so dyrt at det er vanskeleg å få det realisert? Vi kunne ta føre oss mange andre prosjekt og, til dømes Vikafjellstunnelen, men den vart så dyr at det var umogleg å tenke på å få med, etter det stortings representant Lødemel seier. Ja vel seier eg, han var vel ikkje gratis like før siste val heller?

Så til Idar Mo og Rikard Solheim sine glimrande innlegg, der dei set søkelyset på den enorme satsinga på jernbane. Eg skal ikkje gjenta det dei framfører, men oppmodar om at alle som er opptekne av vegbygging, opprusting av vegnettet og rassikring les dette. Fordi dette er eit ran av vegmidlar frå distrikta til jernbana som stort sett vert brukt i dei sentrale strøka. Det som er skremmande er at dei enorme summane som her vert brukt, ikkje kjem fram i statistikkane korleis fordelingane av samfunnet sine midlar vert gjort.

Såg i ei eller anna avis her ein dag at Jernbaneverket hadde brukt to milliardar på konsulenttenester dei fire siste åra. Direktøren nekta å kommentere dette. Ja vel, her er god styring og kontroll, for desse milliardane kunne ein fått mykje rassikring i distrikta.

Det som skremmer meg og, er som Rikard Solheim seier, dei 6 sentrale politikarane her i fylket som Firda spør, er usikre på om Idar Mo har rett og om det er noko å gjere med dette. Det skal vel ikkje so mykje til å kunne sjå at Idar Mo har mykje rett i det han hevdar om sløseriet i Jernbana og om dei kolossale subsidiane dei reisande der får, at det kan vere tungt å få gjort noko med det, ja det er det, men ikkje umogleg.

At Sveinung Rotevatn er usamd med Idar Mo og står fram som ekspert på samferdsel, det forbausar ikkje. Han reknar eg ikkje med, når eg oppmodar andre politikarar frå distrikta: Set i gong eit vegopprør, start no når NTB skal behandlar i Stortinget i vår og dette må bli ei valkampsak no framover til Stortingsvalet.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags