Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Som yrkessjåfør i ca. 15 år, har eg gjort meg opp ein del meiningar om vegane våre.
Først vil eg seie at for oss her i Sogn og Fjordane var det betre med Ole Brumm- politikk enn at det berre hadde vorte riksveg 7 over Hardangervidda som skulle satsast på. Når det no er bestemt at riksveg 52 over Hemsedalsfjellet skal ta hovudtyngda av tungtransporten, forventar vi (yrkessjåførar/transportfirma) at vegen blir utbetra slik at vi slepp å køyre «veldig seint» grunna slagholer, telehiv og andre skader på vegen, for å unngå å øydelegge både gods og materiell då og at vi sleppe å nærast måtte køyre utfor vegen for å unngå og knuse speglar grunna smal veg/dårleg vegskulder.
På generelt grunnlag meiner eg at det er betre å satse på eit godt vegnett mellom ferjekaiane, enn å bygge ferjefri veg. Det hadde vore mykje betre med ein tunnel mellom Borlaug og Bjøberg, enn bru over Sognefjorden.
Utover dette etterlyser eg fleire parkeringsplassar/truckstopp, slik at det blir lettare å overhalde køyre- og kviletida. Dette spesielt på Vestlandet. Det er ikkje berre enkelt å få seg noko å bite i, då heller ikkje toalettbesøk når ein har ein «doning» på 15 – 19,5 meter som må parkerast.