Styrk flysambandet Førde-Bergen

Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeiningarSvein Bråthen heiter ein kar som har tittel professor i transportøkonomi ved Høgskulen i Molde og er forskingsleiar i Møreforsking. Eit ord seier at med oppdragsforsking får ein gjerne det oppdragsgivar helst vil ha, i dette tilfelle Samferdsledepartementet som fekk framlegg om nedlegging av flyruta Førde-Bergen. «Vi har sett på kva det kostar for folk å reise mellom Førde og Bergen, både med fly og alternativ transport. Vi har ikkje gått tungt inn i rutetilbodet, men vi trur ikkje at trafikken vil bli nemneverdig påverka av fylkessamanslåinga», uttaler han til NRK Sogn og Fjordane alt 1. mars. Vi i allmugen trudde at det var forskarane si oppgåve å gå tungt inn i sakene.

Interesseutvalet for Førde Lufthamn, 9 kommunar som soknar til lufthamna, vil forhåpentlegvis arbeide solid vidare og få gjennomslag for ivaretaking og forbetring av sambandet med Bergen.

Det som har kome lite fram, er at Bergen i seg sjølv er flyreisemål for berre ganske få, dei som bur nærast flyplassen vinn på det. Med lengre avstand frå lufthamna nyttar vi t.d. snøggbåten til Bergen, eller kanskje Vestlandsbussen om ein litt tungvint kjem seg til E-39, men då er det byen som er målet. For dei mange av oss som reiser ofte frå Førde lufthamn, er det eit anna perspektiv med denne ruta: Eit alternativ til Oslo for å kome seg rundt i heile landet, og ut i verda, til Europa og andre verdsdelar. Dette burde ein forskar ha sett, og Widerøe kan utvikle det mykje meir ved t.d. å få høve til, med Staten si signing som FOT-rute, å utvide tilbodet frå 2 til kanskje 4 ruter på dei fleste vekedagar (laurdag er liten som trafikkdag).

På Førde lufthamn er vi raskt innanfor Avinor sitt tryggleikssystem, gjort på få minutt.

Med Bergen som knutepunkt har vi berre halve vegen for å finne flyruter til å stige om på, samanlikna med fly til Oslo, og Bergen har gode samband, som Widerøe bør knyte seg endå betre til. Og det kjem nok, fordi i tillegg til SAS har vi fått gjennomgåande billettar innanlands med Norwegian, og snart det same på utlandet, og ein ny avtale med KLM er inngått og skal utviklast. Andre selskap, inntil 360 på verdsbasis, er knytt til Widerøe-systemet ved billettkjøp.

Ser vi først innanlands, stig vi i Bergen om til Stavanger, Kristiansand og Sandefjord. Korleis skulle vi elles kome oss effektivt til Sandefjord (og Porsgrunn/Herøya) om ikkje via Bergen? Då måtte vi reise til Gardermoen og ta tog i 2 timar deretter (timesavgang med InterCity)

Skal vi til Mørebyane, spesielt Molde, er det ofte effektivt med Widerøe heile vegen om Bergen. Kvifor dra lenger sør enn nødvendig for å reise nordover? Sommarsdag som i neste veke og om 3 veker køyrer eg heile vegen, men aldri på mørk og glatt vinter – då er det Førde lufthamn, gjerne via Bergen, og så leigebil i Romsdal og på Nordmøre.

Frå Bergen har no Widerøe også nett starta Embraer-jetflyrutene sine til Bodø og Tromsø, og SAS har tatt opp konkurransen, så her er det sving over det direkte Nord-Noreg-sambandet frå hansabyen.

Førre måndag 7. mai var det langdag i Trondheim, første fly ut frå Førde lufthamn og siste attende via Oslo, med utprøving av samarbeidet med Norwegian. Men då eg måtte vente lenge på tilbaketuren, sat eg i Trondheim og såg Norwegian sitt 18:40-fly til Bergen. Eg visste eigentleg om det flyet og har reist med det før, men det var ein svikt både hos meg sjølv, og manglande tilbod på Internett hos Widerøe. Det kan forbetrast, for då hadde eg vore i Førde 3 timar tidlegare på kvelden. Nokre gongar må eg ta kontakt med Widerøe i Mosjøen, og spørje om kvifor ikkje den og den ruta kjem opp, og så finn vi gjerne ut av det, men ikkje alle reisande kan ha rutenettet på fingrane.

Skal vi ut i verda, opnar denne seg frå Bergen også. Aberdeen, London, Paris, Barcelona direkte, København, Stockholm og Amsterdam særleg for globale omstigingar. Sist no i april var raskaste vegen til Helsinki via Bergen og Stockholm – på 4 timar frå Førde, raske flyskifte og alt stemte denne gongen.

For 6 år sidan var også raskaste veg til St. Petersburg via Bergen og Stockholm, med der kortslutta Widerøe reiseopplegget ved å kansellere Bergensflyet grunna ferieavvikling på sommaren. Det vart reisekaos, der heile dagen gjekk med, så det var ikkje gild tur, der vi lenge sat fast i Tallin.

Skulle vi som i gamle dagar køyre til Flesland for å ta fly ut derifrå? Det var lange turar før den eigentlege reisa tok til. 3,5 timar er normert køyretid, men i realiteten har vi opplevd alt dette som risikabelt: Kø og redusert kapasitet Lavik-Oppedal, ferjestreik, stengde tunnelar, trafikkulukker med stengd E-39, rushtrafikk i Bergen, og seint innkomande fly som medførte natt i bil på Oppedal ferjekai.

Dette observerer vi vanleg reisande kvar dag, som røynslekunnskap (empiri). Det er forbetringar og utvida reisetilbod som er eit potensial, og endå betre rutekoplingar frå Widerøe si side i tillegg. Kanaliser gjerne meir av reisealternativa over Bergen, for både eige land og verda ligg open for oss med denne, nære og store flyplassen 20 minutt unna, med påstiging Førde lufthamn. Samferdsledepartementet må sakleg overprøve skrivebordsblikket frå ein oppdragsforskar i Molde.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags