E 39 må prioriterast

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevDenne veka kom Statens vegvesen sitt handlingsprogram for 2018-2023, med rekordstor satsing på 135 milliardar til nye vegprosjekt i landet. Strekninga E39 frå Bjørset til Skei vil bli opna i perioden, medan E39 frå Myrmel til Lunde i Gaular vil starte opp.

Sunnfjord Venstre krev at Regjeringa innarbeider fleire prosjekt på E39 i fylket i Nasjonal Transportplan. E39 er hovudfartsåra gjennom fylket og delar av vegstrekninga har svært dårleg standard. Vi meiner gul midtstripe gjennom heile fylket må på plass.

Det er også viktig at det blir sett av tilstrekkeleg med midlar til planlegging av omlegging av E39 utanom Førde. Vegparsellen gjennom Førde har låg fartsgrense, svært mange fotgjengarfelt, rundkøyringar og lyskryss. Vegen opp Halbrendslia er bratt og svingete. Vegutforminga gjer at vegen er ulykkesutsett. Det finst heller ikkje omkøyringsveg ved eventuell trafikkstans, noko som er svært utfordrande.

E39 må ha høgaste prioritet blant samferdsletiltaka i fylket i åra framover. Sunnfjord Venstre vil ha E39 ut av Førde sentrum og gul midtstripe gjennom fylket.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags