Saman skal vi halde hjula i gang

AVGRENSE: Vi er nøydd til å gjere det vi kan for å avgrense dei økonomiske kostnadene for den einskilde, og for å dele rekninga på flest mogleg, skriv Grete Karin Berg, regiondirektør NHO Vestlandet (bildet) og regionarleder i LO Vestland, Roger Pilskog i artikkelen.

AVGRENSE: Vi er nøydd til å gjere det vi kan for å avgrense dei økonomiske kostnadene for den einskilde, og for å dele rekninga på flest mogleg, skriv Grete Karin Berg, regiondirektør NHO Vestlandet (bildet) og regionarleder i LO Vestland, Roger Pilskog i artikkelen. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.No er det mange tilsette som kjenner på utryggleik for jobb og inntekt. Og det er mange bedriftseigarar og tilsette som ser at stenging og lågare aktivitet rammar deira verksemd. LO og NHO har vore tydelege på at vi er i same båt i denne krisa, no er det tid for verkeleg å dra nytte av den norske modellen og trepartsamarbeidet.

Spreiinga av koronaviruset set det norske samfunnet på ei stor prøve, og det vil krevje det beste av oss alle for å komme ut av det med færrast mogleg sjukdomstilfelle. Om det skal vere mogleg vil vi vere avhengig av at hjula blir haldne i gong i store deler av samfunnet: helsetenesta må yte sitt beste, men også innan transport, renovasjon, matforsyning og andre sektorar vil vi vere avhengig av å sikre verksemda.

Ein konkurs kan øydelegge livsverket til ein bedriftseigar, og det kan sette dei tilsette i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Saman må vi gjere det vi kan for å hindre dette. Difor har LO og NHO vore samstemde i at myndigheitene må lette byrda for bedriftene, blant anna ved å forkorte arbeidsgjevarperioden ved permittering, samstundes som den økonomiske byrda ikkje vert lempa på arbeidstakarane. LO og NHO har vore – og vil vere – på tilbodssida overfor myndigheitene. Vi vil bidra til å finne gode løysingar for norsk økonomi, norske arbeidstakarar og norske verksemder i denne krisa.

I den einskilde verksemd vil og partsamarbeid vere den viktigaste nøkkelen i krisehandtering. Arbeidsgjevar og tillitsvalde kan saman finne gode løysingar, både for å sikre at bedriftene og arbeidsplassane overlever, og for å finne fleksible løysingar som sikrar aktiviteten. Tilsette i norske verksemder er både omstillingsdyktige og omstillingsviktige, ikkje minst i ein krisesituasjon, og er klar til å brette opp ermane. Den prosessen blir mykje enklare med godt partssamarbeid og tydeleg kommunikasjon.

Samstundes ser vi at det finst eit viktig nivå mellom det nasjonale nivået og bedriftene. LO, NHO og fylkeskommunen har gode tradisjonar for samarbeid, både om næringsutviklinga, opplæring og andre viktige samfunnsoppgåver.

I Vestland er det no kontakt mellom myndigheitene og arbeidslivets partar, slik at vi raskt kan avklare og finne løysningar på dei utfordringane som oppstår. Fylkesordførar Askeland har invitert LO og NHO til samarbeid om tiltak, og fylkeskommunen leitar prisverdig etter prosjekt som no kan forserast. Næringsforum Vestland, som samlar ei rekke aktørar: fylkeskommunen, fylkesmannen, NAV, verkemiddelapparatet, utdanningssektoren, kommunesektoren og partane i arbeidslivet, møtes denne veka digitalt for å drøfte felles innsats.

Vi er nøydd til å gjere det vi kan for å avgrense dei økonomiske kostnadene for den einskilde, og for å dele rekninga på flest mogleg. Saman med myndigheitene og mange andre samarbeidspartnarar vil LO og NHO vere med på dugnaden for å halde hjula i gong. Vi jobbar alle for eit felles mål om å komme oss godt gjennom krisa, sikre bedrifter, arbeidsplassar, alle innbyggarane og norsk økonomi.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags